lørdag, mai 04, 2024

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.

 Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjempefint vêr har vi no. Eg hadde ingen spesiell plan  for dagen, berre at eg måtte på apoteket for å kjøpe medisin, og så kjøpe mat etc. på KIWI. Då eg kom heim, tok eg med meg eit eple og telefonen og så gjekk eg på Vernet. Eg møtte ei som eg kjenner godt med det same eg kom opp, og vi vart sittande lenge å prate. Ho er så sprek at ho skulle vidare oppover og så ned Kanalvegen til Vinjevoll. Den turen har eg gått, eg også, men ikkje i år. Eg gjekk runden min og så gjekk eg heim og laga meg litt enkel mat. Etterpå fann eg att sudokuen min og løyste det på ei lita stund.

Eg gjekk ut i hagen og ville prøve å jobbe litt. Eg renska beddet nedanfor garasjen, klipte busker etc. og til slutt vatna eg godt og rikeleg både der og der som eg rydda i går. Eg prøvde å rydde litt nede i hagen og ta opp løvetannrøter, men måtte gi meg på det. Det er ryggen som bestemmer kva og kor mykje eg kan gjere, så eg får rette meg etter det. Viss eg får i orden klipparen snart, så kan eg klippe plen, Det er ikkje vondt for ryggen, for då går eg oppreist. Og eg verker ikkje heile tida, når eg sluttar å jobbe og sit i ro-eller går, er eg heilt i orden. Eg håper eg får batteriet snart, så eg får begynne å rydde. Eg meiner at eg plar klippe to gonger før 17.mai.

Det kan hende eg tek ein tur på Plantasjen denne søndagen også, men eg har ikkje bestemt meg enno. Men litt stillferdig luking av ugras kan ein vel drive på med om det er søndag.

Det blomstrar fint hos naboen på andre sida av gata; Marit er i Spania, men vi pratar med kvarandre på data slik som vi gjer når begge er heime. Veldig kjekt å ha den kontakten. Dei har det fint i Spania også.

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...