fredag, mai 03, 2024

Dagbok 20 24: 3.mai




 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile dagen, men prata litt på PC-en med Marit som er i Spania. Eg passar katten.

I dag etter frokost kunne eg ikkje halde meg frå Sudokuen i fredagsavisa, den er ofte litt vanskeleg. Eg plar løyse den kvelden før, men det greidde eg ikkje denne gongen, enno er eg ikkje komen heilt i mål og det plagar meg.LITT

Etter at eg hadde tatt fredagsvasken gjekk eg ein runde på Vernet og sat lenge på kvar benk. Eg har ein tendens til å bli låk i føtene når det er varmt. Men det er fint å sitte på benkane- i dag kom der ingen eg kjende.

Då eg kom heim, laga eg litt mat, men ikkje middag, det kan bli til kvelds. Eg la meg ut på solsenga ei stund, men eg har ikkje rast og ro til å ligge strak ut, så der var ikkje så lenge eg låg der før eg måtte inn på PC-en og- så sudokuen.

Eg ser at naboane i nummer 5 styrer i hagen. Det skulle eg også ha gjort, men eg veit ikkje kor mykje eg kan styre på med låk rygg. Eg gjorde no ein jobb i går. Eg må kanskje bort på plantasjen og kjøpe diverse viss eg skal få til noko.

Det er heilt nydeleg ute og plommetreet på plenen blomstrar som aldri før-og eg ser at humlene jobbar, så det blir vel plommer etter kvart.


Eg skulle ha klipt treet så det såg litt skapleg ut, men eg trur det er for gammalt til det. Mange tre har vi hatt, og dei fleste er borte no.

De er fredag igjen og eg kan ønske alle ei god helg !


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.oktober

  Klokka er no18.00, temperaturen på trappa er+10 grader." Mye regn" står det på PC-en no, og eg tvilar ikkje. Eg har ikkje vore u...