søndag, mai 26, 2024

Dagbok 2024: 26. mai



 Akkurat no, klokka 16.16, viser termometert på trappa + 30 grader C, men er ser at det skyar opp, og då
trur eg vi får ei skikkeleg regnbye, og det treng vi, og det treng alt som skal vekse.

I dag har eg hatt ein litt uvanleg dag, Eg visste at Solveig skulle komme ein tur innover, men ikkje akkurat tida. så eg begynte å rense meir nede i jordbæråkeren  min, for der var det berre kaos. Då Solveig kom gjekk vi ein tur på Vernet i lag; eg trur at både ho og Rasmus vart overraska over kor stort byggverket eigentleg er. Det ser ikkje så stort ut nedanfrå. 

Eg hadde ikkje laga til middagsmat så eg inviterte Solveig til kinesisk mat i Volda. Vi fekk store porsjonar - så vi vart godt mette. På vegen bortover var vi inn på Askjellhaugen og vatna blomsten på grava og det kom vel med for blomsten. No skal eg ut og sjå om det er noko meir eg kan gjere før det eventuelt kjem regn.Eg heldt på med å reinske i jordbæråkeren før i dag.Eg er glad for kvar dag eg får stelle fint til i hagen.

Ein slik mai månad som vi har hatt i år kan eg ikkje tru at vi har hatt nokon gong før.Alt er kome tidlegare enn før- t.d. bær og plommer.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.september

No er klokka 17. 50, temperaturen ute er + 21grader og det har vore ein nydeleg sommardag- Eg vakna som vanleg litt tidleg, men luska ut på ...