lørdag, mai 25, 2024

Dagbok 2024: 25.mai

 

Dette er den finaste av Marit sine Rhododendron, og no såg er på Plantasjen at dei har allereie sett ned prisane på desse plantane, og der var nokre som likna denne. Eg kjøpte tre små kvite i fjor på salg, dei er no fine men ikkje som denne

Klokka er no ca 17,30, temperaturen ute er +25 graderC. Det var litt skodde på morgonen, men den forsvann fort.Eg gjekk tur på Vernet frå klokka 10, og då eg kom heim sette eg i gang med hagearbeid. Først måtte eg klippe plenen attmed postkassene, og der var det meir som måtte gjerast, som diverse klipping med saks,raking etc. 

Så skulle klipparen spylast så den tok eg ned på plenen, og det vart ikkje berre klipparen som fekk nyte strålen frå slangen, heile hagen fekk drikke og alle blomsterbed og plantar rundt om kring. Eg sparer ikkje på vatnet, der er enno snø i fjella-men ikkje mykje.

Der var ei jasminbuske som trong litt stell. Eg hadde eigentleg tenkt å klippe den heilt ned, men det var ikkje så lurt, for mange "greiner" var heilt døde og andre var bra, så eg måtte sortere. Eg har no eigentleg lyst å ha den buska, men ho fekk  ikkje rett stell i fjor då hausten og vinteren kom så brått. No let eg dei friske stammane stå att så får  eg sjå om den overlever slik at eg kan klippe den i fasong til hausten igjen. 

Eg begynte på beddet nedanfor tilbygget men det må eg vente litt med, for det blir ein skikkelig Jobb. No håper eg berre at eg skal få litt skikk på hagen før det blir regn og stygt ver. Sjølv om det er ganske mykje å gjere i ein hage / tomt så likar eg veldig godt å styre i hagen. Det som eg ikkje er fornøgd med er ryggen min, så eg må heile tida ha ein stol som eg kan slenge meg ned på- I halv 4 tida gjekk eg inn og tok meg litt mat, og etter kvar vart det såpass seint at eg ikkje gjekk ut att.

Eg passar katten til Marit når ho er vekke, men i dag hadde eg ikkje sett Lollo, så eg gjekk ut på trappa og ropte på henne og då kom ho, eg trur ho hadde vore i garasjen til Marit.

Eg hadde tenkt meg ein tur på butikken i dag, men slo det frå meg og tenkte at eg kan ete av det eg har.

I morgon er det søndag, men det kan hende er lurer meg til å jobbe litt på "prosjektet" mitt.Det er no eit fredelig arbeid og ikkje bråk.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.september

Klokka er no18.15, temperaturen ute er 12 grader C og det er overskya, men ikkje regn, eg trur det var litt finare tidleg i dag, meiner eg s...