fredag, mai 24, 2024

Dagbok 2024: 24.mai







 Klokka er no 18.10, temperaturen ute er + 22grader c , men det var mykje varmare før i dag, minst +28 var det her.

I dag hadde eg store planar om å få gjort noko ute. Først skulle eg på VØR med sju svarte sekkar med hageavfall. Det gjekk heilt greitt, -der var ei anna dame også med hageavfall - ho hadde mykje gras. Eg køyrer ikkje mykje gras bort dit, men prøver å kompostere og få mold av graset. Det går bra,og det blir god jord. Eg har lagt merke til at dei fleste som kjem med hageavfall på VØR er damer i pensjonistalder, det er vel vi som har best tid til slikt. Når mennene kjem er det med store tilhengerar og store tre og busker.

Det blei plenslått i dag, og det var ikkje berre moro, for det vart utruleg varmt. Klipparen fungerte fint, men kvar gong eg stoppa for å tømme, måtte eg inn og lade opp batteriet. Eg syntest det var litt rart, for slik har det aldri vore før. Så prøvde eg å ta batteriet av og på igjen, og det funka. Det vart etter kvart veldig varmt så eg måtte ta pauser, men eg kom no i mål på ein måte.

Middag var det ikkje snakk om i dag, så det vart lunsj med brødskiver, men det kan hende eg finn eit kvart godt til kvelds.

Eg har vore ute og jobba på etter middagen også, då brukte eg opp sekken med kugjødselkompost. Eg spanderte den på dei som veks i rosebeddet ved garasjen.Eg har heile tida lyst å gjere meir, men både ryggen og føtene protesterer. Av samme grunn har eg ikkje gått på Vernet i dag heller, men eg trur eg har gått nok.

No har Janne og familien reist på hytta og Marit er med,og då kom  katten ned til meg med det samme. Janne og Even blei besteforeldre for første gong i går. Det var ei fin jente dei hadde fått Stian og Anja, eg har sett bilde, og jenta såg ut som ho var fleire månader gammal. Eg hugsar godt då Janne vart fødd-og no er ho bestemor. Og Marit er oldemor til tre. Tida går. Det er fredag i dag, men eg har utsett fredagsvasken til i morgon eller ein annan dag. Eg synest det er viktig å stelle ute nå veret er så fint, det kjem tidsnok regnversdagar  og då kan eg vaske inne. 

Eg ønsker alle som er innom bloggen ei fin ,nydeleg og varm helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 7.september

 Klokka er no18.00 og temperaturen ute er + 26 graderC. det har vore ein nydeleg dag, som eg dessverre ikkje har fått nyte. Eg er svært sjel...