mandag, mai 27, 2024

Dagbok 2024: 27.mai

 Klokka er no 18.11,, temperaturen ute er +22 grader C, det er delvis skya, men ikkje nedbør.

I dag tidleg tenkte eg at eg skulle gjere ferdig"prosjektet mitt" på føremiddagen, og så kunne eg gå tur på Vernet utpå ettermiddagen og kanskje fare på butikken også.

Eg blei ferdig med prosjektet og gjekk inn og åt litt lunsj i 14-tida.

Men eg hadde fleire jobbar på vent, og så snart eg var ferdig med ein jobb, såg eg noko meir som måtte gjerast. Til dømes raka eg opp tørt gras som hadde lagt etter plenklippinga, eg reinska og rydda beddet nedanfor garasjen-og diverse anna. Vatne måtte eg også, for det er veldig tørt alle stader no. 

Eg hadde ikkje klokke på meg, så eg ante ikkje kor langt på dagen det leid då eg endeleg greidde å slite meg laus og gå inn. Eg prøvde å gjette- og gjetta "Ti på halv seks"- men klokka var faktisk18.00 då eg kom inn. Eg har slått frå meg turen på vernet i dag, for no skal eg lage meg litt middag, og så må eg slappe av litt. Sjølv om eg har mykje energi att- hagearbeid likar eg kjempegodt, berre det er høveleg ver. I morgon er det trening igjen, og då blir det ein tur på butikken også, for no er det mykje eg treng.Husarbeid utset eg til det skyar over.

Eg kjøpte tre slike på tilbod i fjor, no har denne blomstra av, men dei andre to har ikkje begynt enno.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 19.september

  Klokka er no17.45, temperaturen ute er + 20 grader og vi har hatt ein fin sommardag i dag igjen. Eg var på trening som vanleg om torsdagar...