onsdag, mai 22, 2024

Dagbok 2024: 22. mai







Klokka er no 19.48, temperaturen ute er+23 grader no, før i dag var den oppe i +28grader C.Det er sol, varmt og deilig , så lenge det varer .Alt kjem tidleg og blomstrar og i kveld såg eg grøne rips på ripsbuska. Eg meiner det må vere veldig tidleg.

I dag hadde eg planlagt arbeidsdagen min: eg skifta på senga mi og henge ut på altanen sengetøy og golvteppe , før eg vaska rommet. Eg sette på klesvask+trommeltørk seinare. Og så gjekk eg ut for å jobbe på "prosjektet" mitt,men så såg eg at behovet var større ein annan stad-så eg ombestemte meg og begynte å rydde og klippe etc.der som den gamle    kompostkassa står. Heile området måtte renskast opp for skvalderkål, brenn-nesler og andre  uønska plantar. Det vart veldig mykje arbeid, for eg måtte ned på nabotomta og rydde på muren derifrå også. Eg fekk gjort mykje , men vart ikkje ferdig. Eg måtte kvile ryggen litt og vatne rundt omkring; eg vatnar nesten kvar dag men like tørt er det.

Nok om det. Marit og eg skulle på pensjonistmøte, ikkje på filmen som vart vist først, men på møtet etterpå. Vi orka ikkje å sette oss inn og sjå film i det fine veret.

Men på møtet etterpå var vi. Der kom Marie Austerheim Riise og Karen Rosenberg Olsen(gift med Egil Olsen) Marie spela og Karen song. Ho var heilt fantastisk, ho er utlærd operasongar-trur eg. Det høyrdest i alle fall slik ut- Vi fekk pizza til mat og heldigvis hadde dei kjøpt inn drikke også.

Det kom ei dame frå kommunen og snakka om hus og rom for eldre. Det vart litt langdrygt. Turen til Astruptunet er full booka, men ein kan sette seg på venteliste i fall der er nokon ikkje kan fare likevel.

Det var eg som køyrde i dag , i morgon skal Marit køyre til treninga, men eg har tenkt meg ein tur på VØR etterpå, for no har eg meir enn nok sekker fulle. Eg håper vi får fleire fine dagar slik at eg får rydde skikkeleg opp. 
Eg hadde så smått tenkt meg på Vernet i kveld, men fann ut at eg trong å kvile litt.


Ingen kommentarer:

  Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +19-20 grader C, det er heilt utruleg å få det så varmt rett etter at snøen låg langt ned i fjells...