tirsdag, mai 21, 2024

Dagbok 2024: 21.mai

Klokka er no 17.32. Temperaturen ute er +25 grader C, og sola skin. I dag har det vore varmt heilt frå morgonen av, så vi var ikkje heilt begeistra for å fare på trening, men det gjorde vi. Det var eg som køyrde i dag. Etter treninga var vi bort på Ose og kjøpte blomster med gartnaren frå Urke. Han kjem kvart år og er her nokre dagar. Eg kjøpte berre ein rosa geranium, det gjer eg kvart år. Marit kjøper meir, men ho er flinkare å stelle blomstrane sine enn det eg er. Vi var også ein tur på ALTI, for Marit skulle ha seg nye sandalar. Og det fekk ho. Klesmotane er litt variable for tida, nokre kjem i nymotens klede, mens andre held fast i dei gamle. I dag såg eg t.d. ei ung dame i nesten golvsid kjole-eg synest det er rart å kle seg slik når ein ikkje skal vere i selskap t.d. Men alle har rett til å kle seg som dei vil. Eg også.

Eg køyrde heim og sette av Marit før eg køyrde fram på Mosflata på EIK-senteret. Der har eg vore mange gonger i det siste. Men i dag fekk eg det eg skulle ha, nemleg batteri til plenklipparen min.  Ein av dei som jobba der hadde kjent meg att og kom med batteriet til meg. Dei hadde nettopp fått det. Rasmus hadde skræmt meg med å antyde prisen, så eg var budd på at det ikkje var heilt gratis; det kosta ganske nøyaktig 1100 kr. Eg fekk ikkje sjokk.

Eg vart sittande på benken med Marit ei god stund. Vi diskuterte kor vidt vi skulle gå på filmen før pensjonistmøtet i morgon. Sidan dagsturen i år går til Astruptunet handlar filmen om Nikolai Astrup. Vi vart samde om ikkje å sjå filmen, men gå på møtet som tek til litt seinare, etter filmen altså. Det er ikkje fleire bilettar att til turen, eg visste ikkje at dei hadde begynt å bestille, så eg vart snytt for å vere med. Eg hadde ofte lyst bort på andre sida av Jølstravatnet når vi køyrde nedover mor Førde, men det vart aldri tid til det.

Eg hadde tenkt å jobbe vidare med prosjektet mitt frå i går, men det var for varmt! Det var litt betre å køyre klippar, så då valde eg det. Eg køyrde med oppsamlar og tømde tre gonger. Eg tok berre plenen rundt huset i dag, men det er ikkje så mykje i å ta resten når eg vil.

Eg har ikkje gått tur på Vernet i dag; eg plar skofte turen dei gongane eg klipper plen. I morgon er det vel dags å køyre på VØR, eg har mange sekker med "hageavfall" no; eg plar køyre når eg har 6 stappfulle sekker, og det nærmar seg. Plengraset komposterer eg her heime.

No er det spennande om det blir fleire slike dagar,men eg må for sikkerheits skuld sette klipparen under tak.

Mai månad har gått veldig fort til denne tid, men det er no håp om meir sommar framover.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26. juli

Klokka er no kvart på 6 , temperaturen ute er + 18 grader, Då eg stod opp i dagm, var asfalten våt, men etterpå kom det finare ver. Eg bruka...