mandag, mai 20, 2024

Dagbok 2024: 20.mai


 Klokka er no 18.07, temperaturen ute er  + 19 grader, og sola skin. Det har ho gjort i heile dag, men på føremiddagen var det litt kjølig. Marit og eg hadde snakka om å fare på Plantasjen i dag, men utsette det til i morgon. Eg gjekk tur på Vernet på føremiddagen, og det var fint. Eg tok mange fine bilde, men det er så mykje tull med telefonen at eg har problem med å få bilda over på PC-en. Dei som høyrer til familien får vel sjå bilda på FB-sida vår.

Eg bestemte meg for å jobbe i hagen i dag, kjekt å få begynne tidleg og bli ferdig. Eg tok først beddet ved Urke-garasjen, og eg syntest eg fekk det fint til, Tok litt mold frå ein sekk og hadde på før eg vatna.

Så klipte eg litt med saks her og der, vatna overalt -nesten.

Så har eg eit prosjekt nederst i hagen der Thujaene stod. Dei vart nedsaga i fjor. Eg har køyrt på litt mold no og då der som stubbane står att, og så har vi tenkt å plante noko. I mellomtida har skvalderkålen flytta inn og formera seg veldig. Men i dag blei det styr, for eg begynte å ta opp alle stilkane og rista molda frå rota. Eg blei faktisk nesten ferdig før eg måtte gi meg. Men ferdig er eg no ikkje; for eg må spade opp og rake reint. Så skal eg legge kjøpemold oppå og så i grasfrø. Då kan vi i alle fall få klippe graset mens vi ventar på det vi ev. skal plante. Som dokke forstår så er eg nokså glad i hagearbeid. Sjølv om ryggen er dårleg, så blir eg heilt bra med det same eg set meg ned. Veret kan eg ikkje gjere noko med, så eg må nytte høvet når det er fint ute.

Men i morgon er det kvardag igjen og trening. Men vi har hatt mange flotte dagar hittil i mai.

No skal eg lage meg pølse og stappe til middag.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26. juli

Klokka er no kvart på 6 , temperaturen ute er + 18 grader, Då eg stod opp i dagm, var asfalten våt, men etterpå kom det finare ver. Eg bruka...