søndag, mai 19, 2024

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag





 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var friskt og nydeleg ute. I går kveld og i dag morgon var det heller guffent,med regn og kulde, men så vart det ein fin dag til slutt. Eg var tidleg oppe i dag også, men no er eg lei av dette at eg skal så tidleg opp. Det er berre noko eg innbiller meg i halvsøvne at eg må-.

I dag sat eg og strikka framfor TV-en, og så gjorde eg litt husarbeid før eg gjekk opp til Marit klokka 13 - som planlagt. Marit hadde dekka fint bord og sett fram god mat som ho og eg skulle ha til lunsj. Vi kosa oss og prata ei god stund før det kom ein bil på tunet mitt. Eg hadde hengt ut ein lapp om kvar eg var- og så fekk eg besøk av Margrete og 1-åringen Dennis (hunden). Så  då vart det enda meir kos i dag. Og Margrete greidde å fikse støvsugaren min-eg hadde ein mistanke om at ho fekk det til.

Då eg vart åleine igjen, tok eg turen på Vernet. Eg tok bilde, men det er ei stund før eg får dei ut der eg vil ha dei.

Viss der er ope på Plantasjen i morgon, kan det hende eg fer ein tur dit, eg har ikkje fått pynta opp så mykje i år, for sommaren kom så brått. No er det vel ein einaste flaggdag igjen, og så blir det pause -. Kor lenge? Det veit ein aldri-


Ingen kommentarer:

  Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +19-20 grader C, det er heilt utruleg å få det så varmt rett etter at snøen låg langt ned i fjells...