lørdag, mai 18, 2024

Dagbok 2024: 18.mai



Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje.

Og no er vi komne til pinsaftan med to helgedagar framfor oss. I morgon er det opp med flagget igjen, eg har sett det i ein krok i stova i denne flagg-tida.

I går kveld vart eg sittande oppe lenge, men vakna likevel tidleg i dag; eg stod opp to gonger før eg stod opp for alvor tredje gongen-då var klokka 7. Eg kom rimeleg tidleg i gang med "fredagsvask" og bestemte meg for å støvsuge litt skikkeleg i dag.

Eg ville først prøve ut den nye støvsugaren, for då kan eg gå meir oppreist. Den må tømmast nokså ofte, men eg har lært meg korleis eg skal gjere det, så det var greitt. Då eg hadde tømt to gonger ville eg tømme enda ein gong, slik at eg var heilt sikker på korleis eg skulle tømme og sette den  i hop att- for 3. gong. Då skjedde det som eg frykta-eg fekk ikkje til å sette den i hop att- Eg har prøvd mange gonger, men står heilt fast. Men elles var det no berre å drage fram den store,gode og gamle, så eg fekk støvsuge alle teppegolva.

Eg var opp og prata litt med Marit som var ute, men så bestemte eg meg for å ta ein runde på butikken, for no blir det stengt i to dagar. Men først kokte eg ei panne med graut-og åt.

Då eg kom ned til KIWI var der så mange bilar  at eg såg meg ikkje syn med å parkere. Derfor køyrde eg bort til gravplassen -tenkte at eg kunne vatne blomsten som eg hadde planta på grava, og det trur eg var lurt, for der var ganske tørt. Blomsten hadde vakse og såg ut til å trivast; då eg planta den var der tre blomster-no var der 17, eg talde for moro skuld.No kan det hende at det blir nok vatn ei stund. "Lett regn" står det på skjermen min.

Då eg kom heim frå handleturen var eg trøtt og sliten, så eg sette meg inn til TV-en og der sat eg og halvsov ei stund, eg såg ikkje på klokka så eg veit ikkje kor lenge eg sat og slappa av..

Eg bestemte meg for å ikkje gå på Vernet i dag, for eg har hatt nok mosjon og var trøtt i beina. 

Eg får til å ta bilde og legge inn på datamaskina no, men somme gonger må eg vente ei stund før alt er klart. 

Kva eg skal gjere desse to dagane veit eg ikkje, men for meg som har fri dei fleste dagar, er det ikkje så stor skilnad på helg og yrke

Eg vil i alle fall ønske alle som er innom bloggen ei fin pinsehøgtid.


Ingen kommentarer:

  Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +19-20 grader C, det er heilt utruleg å få det så varmt rett etter at snøen låg langt ned i fjells...