tirsdag, mai 14, 2024

Dagbok 2024: 14.mai



Desse tulipanane har eg planta sjøl og dei har stått i beddet ved garasjen i mange år. Dei har ein nydeleg raud farge, ikkje knallraude som eg også har.

 Klokka er no 21.12, temperaturen ute er + 20 grader, og det har vore ein varm og nydeleg dag. Eg vart litt forsinka med å skrive blogg, men det var kongane si skuld, når kongane besøker kvarandre så må vi no  følgje med.med.

Elles har dagen ikkje  vore   heilt på topp, men det er no mi eiga skuld. Eg vart ikkje ferdig med sudokuen i går kveld, den var liksom litt annleis enn den brukar å vere. Men då eg tok den att i dag, fekk eg heller ikkje løyst den. Som vanleg var eg på trening i dag,og då eg kom heim gjekk eg like godt runden min på Vernet med det samme. Der var ein del folk i dag også, men berre ei som eg kjende, og det var venninna mi frå Bhutan. Ho skulle lenger opp, men "eg seier til meg sjøl at du skal ned igjen" sa ho og det var  kloke ord. 

Det var så varmt og fint at eg måtte sitte ei stund på kvar benk-og eg trur eg sov litt på den siste. Då eg kom heim att tok eg meg litt mat før eg gjekk ut. Det er ikkje så mykje eg kan styre med ute når eg ikkje har klippar og i tillegg har vond rygg. Men eg har no rensa ugras og vatna etc,NOKO må eg no styre med og eg vil vere ute. Då eg kom inn att sette eg meg til med sudokuen, og etter ei stund var eg i mål. Eg meiner dette var ein sudoku slik dei var før-og då løyste eg dei på ein annan måte. Ja, noko må ein bry hovudet sitt med.

No nærmar det seg den 17 og eg har ikkje klipt plen. Men Gudmund klipper ioppe ved vegen, så det får vere godt nok. Eg går kvar dag og tenkjer på at eg skal bort på PLANTASJEN, men eg kjem liksom aldri i siget.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:18.oktober

Klokka er no17.26 Temperaturen ute er 16 grader C, men den har vore oppe på 20 talet før i dag . Eit underleg år dette. Vi hadde sommar i m...