onsdag, mai 15, 2024

Dagbok 2024: 15.mai

 

Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kvart,. Derfor tok eg trimturen min på Vernet tidleg på dag. Då eg kom heim, kom naboen og sa at no kunne vi ikkje vente lenger med å klippe plen. Det var eg for så vidt enig i , men eg syntest det var for gale at han skulle gjere det. Eg  hadde ikkje  klippar , så eg hadde ikkje noko å stille opp med. Kort fortalt, naboen klipte heile hagen min, og der var ikkje ein einaste engkarse att. Eg rydda litt rundt omkring, men det trengst meir . Det er så tidleg og så voldsomt vokster i år. Somme gonger er det nesten snø på 17.mai, det blir det visst ikkje i år. Då eg såg på termometeret på trappa viste det + 26 graderC.

Eg åt middag, 3.dagen med pølse og stappe, men eg er ikkje kresen i matvegen.Men etter maten vart eg så trøtt at eg datt ned på dagsenga mi -og eg trur eg sovna.

Marit og eg hadde tenkt oss på gravplassen og så korleis det stod til der. Eg hadde mange hjelpemiddel med meg, men gløymde det viktigaste, Saksa. Men eg fekk ikkje bruk for den. Blomsten som eg planta sist eg var der hadde vakse og fått fleire blomster, eg berre vatna godt og fylte på med meir jord.

Då eg kom heim att orka eg ikkje å jobbe så mykje, men energien rakk til å ta vatneslange og vatne litt her og der. Eg veit kvar som blir først tørt.

I fjor på ettersommaren kjøpte eg tre små rhododendron, men ikkje på samme til. Den som eg kjøpte først blomstrar no, med kvit/rosa  blomster. Når eg kjøpte Rhododendron var det mykje fordi det er så lite stell med dei. Elles så blomstrar tulipanane enno, naboen har også fått tulipanar i hagen, som ho ikkje har planta sjølv. Eg lurer på om det kan vere fuglar som sprer løkane.

I morgon er det trening igjen, men så blir det vel pinseferie.



Ingen kommentarer:

  Klokka er no 16.35, temperaturen ute er +19-20 grader C, det er heilt utruleg å få det så varmt rett etter at snøen låg langt ned i fjells...