onsdag, september 06, 2023

Dagbok 2023:6.september

Klokka er no 20.00, temperaturen ute er +15 grader C. Det har vore ein fin dag med mykje sol; om den ikkje er så varm lenger så  er det bra.  I dag vaska eg håret og shaina meg opp litt før eg gjekk ein relativt tidleg  tur på Vernet, det var ei stund sidan sist. Trefte fleire damer som eg kjende. Og så såg eg dei fine hestane.

Marit og eg hadde avtalt å fare ned på Kulturhuset til klokka 13, for då skulle der vere informasjonsmøte om kurs som skal gå utover hausten. Kurset er det kommunen som står bak, dei vil at vi eldre skal bli flinkare å bruke datamaskiner og smart-telefonar etc. Eg er ikkje flink til å bruke telefonen, og eg er ikkje det minste glad i den, men eg har forstått at eg absolutt må lære meg å bruke den meir; så eg melde meg på kurset som skal gå annankvar onsdag utover hausten. Men ein treng ikkje å møte opp på alt.

Marit og eg handla litt på KIWI på heimvegen.På tunet heime stod ein frammand bil, men det var "elektrikaren min" Helge som var der for å hente den gamle varmepumpa og køyre den bort på VØR. Rasmus skal bestille den nye, og då er montering inkludert i prisen. Eg har mange gode hjelparar. 

Eg laga meg ein lettvint middag og slappa av ei stund før eg gjekk ut og gjorde ein del hagearbeid. Det er kjekt med hage, for då er det alltid noko å gjere UTE, så eg slepp å gjere så mykje inne. No er vi komne så langt at eg kan tenkje på kveldsmaten.

I morgon skal vi først på trening 10-11 og så er det pensjonistmøte  klokka 16. Eg slepp å lage middag i morgon for vi får lapskaus på møtet+ kaffi og kake.

Det er annleis for meg å gå på møta no, etter 11 år i styret er eg  gjest på møta og har ikkje ansvar for noko. Det er avslappande, men det var kjekt å vere i styret også-. Håper på ein fin dag i morgon også.


Ein nydeleg dag. Håper på fleire slike. Hausten er ei fin årstid, når veret er bra.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...