Klokka er no 17.45, temperaturen ute er + 15 grader og det er opplett, men overskya. Tidlegare i dag fekk vi sjå sola også, men ho vart borte etter ei tid.
Men det var godt arbeidsvêr i alle fall, og eg har mange jobbar å velje mellom. I dag valde eg å fare bort på VØR med hageavfall. Eg hadde ikkje meir enn 5 sekkar og dei stod i garasjen. Der stod dei i vegen og det rann væte frå dei- Det var gjort på ein blunk å få det gjort. Der var ein mann med hageavfall også, men han kom sjølvsagt med tilhenger og heile "tred"- han sparer ein del tid og krefter på det.
Tok meg ein pause og laga meg litt mat før eg gjekk ut i hagen. I dag fann eg på å klippe nesten heit ned svartsurbær- buska akkurat no når den skulle komme med alle dei fine fargane. Eg må berre gjere jobbane når eg finn det for godt, no blir sikkert buska fin til våren når det kjem nye skudd på alle stammene eg saga av. Eg let mykje bær ligge att på marka i tilfelle fuglane vil ha dei. I fjor tømde dei treet på to dagar.
Eg hadde ein jobb til , og det var å køyre mold i trillebår frå kompostbingen og bort der som thujaen stod. Det var tungt, både å lesse og køyre så det vart ikkje så mange lass. Litt plundrete å få molda ut av bingen. Eg slutta av der og så jobba eg med å rydde opp i greiner og bær frå buska. Etter å ha tatt litt finpuss i rosebeddet gjekk eg inn.
Så begynte eg på Bloggen, men eg hadde ikkje skrive mange orda før det ringde på døra. Det var Helge som kom, og no er han i ferd med å ta ut den gamle varmepumpa. Både han og eg har hatt kontakt med Rasmus i dag og planlagt korleis vi skal gjere det. Det må bli ny varmepumpe og den skal Rasmus bestille -dei som sel den koblar den til også, men vi sparer mykje på at Helge tek ned den gamle. Han er svært beskjeden når det gjeld å ta seg betalt. Men eg er glad for å ha ein"personleg elektrikar"- han kan hjelpe meg det meste, også TV, datamaskin og telefon.
Seinare: No har Helge demontert den gamle varmepumpa og han vil også levere den til skroting.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar