mandag, september 04, 2023

Dagbok 2023: 4.september

Klokka er no 18.07, temperaturen er +15 grader C og det har regna i heile dag; skodde og regn, regn og skodde, og eg har knapt  vore ute for ei dør. Det einaste var at eg gjekk ned i tilbygget og henta litt ved.

Eg hadde planer for dagen, skulle på VØR og så skulle eg trille mold bort til der thujaen stod. Men eg måtte vente til det lette opp litt- og kva tid gjorde det det? Aldri, faktisk. Eg skulle no gjere litt til gagns så eg sette ein brøddeig og laga tre fine brød, to av dei la eg i frysaren. Og der blir dei vel liggande-det er meir lettvint å kjøpe brød som er oppskorne. Men no skal eg prøve å vere meir fornuftig. Middagen i dag var ferskt brød med makrell i tomat, den typen med SPIZY tomatsaus.

Eg sende ei melding til elektrikaren "min" for varmepumpa virkar ikkje i det heile tatt, den stod på i heile natt utan at det kjendest på temperaturen. Eg har ein god el-omn og eg har ved så det er ikkje som står på. Men viss varmepumpa ikkje er brukbar, så må den skiftast ut, og då er det greitt å få gjort det før kulden kjem. Eg skreiv i meldinga at det var ingen ting som hasta, likevel begynner eg å vente med det samme. Eg hadde tenkt å gå ein tur på Vernet, men utsette det. PÅ bildet over her ser de ein som har vore på Vernet og lufta hunden sin. Det er mange som luftar hundar der oppe.

Det eg har gjort i dag er at eg har strikka på eit par lestar som eg skal gi bort; eg er ferdig med brotet på lest nr. 2. I går kveld var der ei lita fluge som stakk meg gong etter gong og jammen kom ho att i dag. Det var ikkje råd å få has på henne. Sidan eg for det meste går berrføtt inne i huset, var det føtene mine det gjekk utover. Eg har til denne tid ikkje greidd å ta livet av henne. Eg kan ikkje forstå kva slags fluge det er som stikk så hardt og er bitte liten.

I morgon er det ikkje trening, så då blir det ein ekstra fridag. Då er det ope på VØR heilt klokka 19, trur eg, i dag stengde dei tidleg.


 

Eg har tenkt å sage ned ein eller fleire stammar på "Rygge-buska" mi, men eg veit ikkje heilt kva eg skal ta bort. Så snart det lettar opp må eg ut og plukke roseblad, det blir  stygt når dei flyg alle stader. Det kan hende eg tek på meg regnklede og går ut ein tur.- Eller kanskje ikkje. Eg har hatt på TV-en og høyrt nyheiter i heile dag,så eg treng ikkje vere her klokka 19 i alle fall.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. kvit jul er det i alle fall...