søndag, september 03, 2023

Dagbok 2023: 3. september


 Klokka er no 18.07 , temperaturen ute er + 15 grader -og det regnar,, Det har vore grått og trist ver i heile dag, noko som eg slett ikkje likar. Eg trur ikkje eg orkar å gå tur i dette veret- vi har vore godt vande ei stund. På bildet ser de ein ny bil på tunet, det er Ingrid som disponerer den. No  har ho  og Erlend flytta inn i leilegheita i kjellaren. Dei har sjølve pussa opp og møblert, så eg trur dei får det fint der, og koseleg for meg å ha kjentfolk i hus.

I dag har eg ikkje gjort det skapte grann, anna enn det mest nødvendige - eg blir litt lei når eg ikkje kan styre på ute- men det er no søndag. 

Marit har hatt ei venninne i mange år, ei som heiter Brita, og no er ho blitt litt mi også, så er vi tre.

Vi går i lag på trening, og Brita har hatt vonde kne i mange år. Førre veka opererte ho det eine og no er ho på Sjukeheimen. Marit og eg besøkte henne i dag og det var oppløftande. Ho var så bra i den opererte foten at ho gjekk utan stav. Ein slik operasjon var det ingen ting å grue seg for, sa ho, godt å høyre for slike som har hatt sine kneplager.

Då eg kom heim att laga eg middag og i dag vart det grilla kyllinglår med ris og grønsaker. Eit skår i gleda var det at glaset med "Mango chutney" var nesten tomt. Eg lurer på om eg har kjøpt eit nytt og sett det vekk, men det har kanskje blitt med tanken-eg hugsar at eg hadde planen klar.

Det er grått og regn, og eg hadde tenkt å gjere ein jobb ute i morgon. Men eg kan i alle fall køyre på VØR med "hageavfall"- det er ei god stund sidan eg var der no- Men når hausten kjem for fullt blir det mykje å klippe ned ser eg.  Vi må også sage ned mykje av epletreet, alt har vakse mykje denne sommaren, det har vore godt vokster-vêr med varme og regn.

Ein ting  irriterer meg og det er at eg ikkje får til sudokuen, eg har begynt frå begynnelsen fleire gonger, og eg meiner at der er ein feil i originalen. Ja, i morgon kveld får eg løysinga. Men det er første gongen eg ikkje kjem i mål. 

Tysdagen denne veka blir det ikkje trening, men eg har nok å trene meg på her heime, derfor treng eg godt ver.  Eg likar å vere ute og sjaue på-men ikkje når det regnar. Eg trur eg skoftar turen på Vernet i dag.


Det har ikkje vore tørkesommar i år, om det ikkje har regna om dagen, har det alltid blitt ein dusj om natta. Eg trur plantane set pris på det.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...