lørdag, september 02, 2023

Dagbok 2023: 2.september

              Dette bildet tok eg frå den øvste benken på øvste vegen
 

Klokka er no 21.50, temperaturen ute er + 12 grader. I dag har det vore mykje skodde og skyer, og lite sol- men berre det ikkje regnar er det heilt greitt å vere ute.

 I dag tok eg den sålkalla "fredagsvasken" før eg gjekk ut og plukka plommer. I dag rista eg treet og brukte rive for å få plommene ned. Eg fekk berga ein god del plommer på den måten, men det vart også rikeleg til komposten. Etter at eg hadde plukka køyrde eg klipparen rundt treet, så såg det litt betre ut.

Etterkvart somla eg meg til å fare på butikken og handle; eg hadde liste og kjøpte berre det som stod der-nesten. I dag laga eg yndlingsretten min til middag, det var spekesild (kryddersild) med tilbehør.  Eg vaska opp for hand, for det synest eg er kjekt når det er berre  eg som har ete. Det er så overkomeleg liksom. Etterpå gjekk eg opp til Marit og drakk kaffi og prata. Mens eg var der kom Ingrid og jobba i leilegheita i kjellaren. Der blir veldig fint og koseleg etter kvart som dei får inn møblar og bilde m.m. Det er no kjekt for meg å få kjende folk i huset.

Klokka nærma seg 19 då eg gjekk den (nesten) daglege turen på Vernet, og i dag var eg der heilt åleine. Eg kunne ikkje sitte på alle benkane i dag, for eg skulle heim og sjå Stjernekamp. Eg skal innrømme at eg ikkje forstår meg så godt på all moderne musikk, men Stjernekamp er det programmet eg likar best å sjå.

I går kveld begynte eg på Sudokuen i Møre Nytt, og fekk ikkje til nokon ting, men i dag kom eg meg litt vidare,- eg veit enno ikkje om eg fullfører. Eg blir litt deppa når eg ikkje får det til, for då føler eg meg så gammal og dum. Og det er eg vel kanskje. Eg skal i alle fall ikkje gi opp enno.

For morgondagen har eg ingen planar -men eg finn altid på noko. Eg kjeder meg aldri - eller i alle fall ikkje ofte.



Ingen kommentarer:

dagbok 21024:27.januar

  Klokka er no17.13, temperaturen ute er +5 grader C,og i år har vi ei veldig grøn jul. Det er i grunnen greitt for meg,men når eg ser ut på...