fredag, september 01, 2023

Dagbok 2023: 1.september


 Klokka er no18,45, temperaturen ute er +14 grader, det er litt vind no, men vi har også hatt sol i dag; no er det nokså skya. Eg er no glad så lenge det berre regnar om natta.

I dag vart det ein litt uvanleg fredag-utan "fredagsvask", den har eg utsett til i morgon. Einar kom innom i dag og fekk mala altanrekkverket, dvs øvste fjøla. Han hadde med seg verktøy til å slipe med. Eg hadde også ein slik ein gong, men greidde å øydelegge den. Etter at han var ferdig laga eg lunsj, eller kva eg skal kalle det, til oss to. Eg måtte ta ein tur på Vernet i dag, går kvar dag viss det ikkje kjem noko i vegen, Det er ingen lang eller utfordrande tur, men når ein går (nesten) kvar dag blir det no litt trim i løpet av veka. 

Eg hadde litt å gjere inne, men så gjekk eg ut og begynte å slå plen.  Graset var vått og kleimete så det vart ikkje fint. Eg stilte opp klipparen og tok ein runde til, då vart det betre. Naboen seier at eg treng ikkje samle opp i skråninga, der kan graset bli som gjødsel, så i dag følgde eg rådet hans.

Mens eg heldt på å klippe kom Ingrid og Erlend og foreldra til Ingrid og bar inn møblar og styr i kjellaren. Dei er effektive og får gjort mykje på kort tid. Eg har helst på foreldra hennar før, ein gong Margrete og  eg var på konsert der ute på Haddal. det blir no kjekt å ha kjentfolk i kjellaren.

Eg klipte ikkje plenane opp mot gata i dag, men kanskje eg gjer det i morgon. I morgon må eg vaske og rydde, og så må eg ta ein tur på butikken. No ser eg at det er tid for nyheiter-eg har ikkje hatt på TV-en i dag så eg veit ikkje kva som skjer i verda. 

Eg vil i alle fall ønske alle ei fin helg-


Eg plukkar store mengder med plommer på marka; mesteparten er ikkje etande og går rett i komposten.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...