torsdag, august 31, 2023

Dagbok 2023: 31.august


 Klokka er no 20.30, og det er berre ei lita stund sidan eg kom heim, men eg måtte ha meg litt mat og drikke før eg kan skrive eit lite referat frå turen vår i dag. Det skal ikkje i avisa, så eg slappar av.

Turen begynte med eit problem; bussen vår kom ikkje! Ein flokk med pensjonistar stod på haldeplassen og kom ikkje av flekken. Eli ringde til kontoret der dei fortalde at dei hadde gløymt at vi skulle på tur i dag. Og der stod vi. Men så greidde dei å få tak i ein sjåfør som eigentleg skulle køyre rutebuss i dag, og han kom med ein stor og voldsom buss med god plass til alle, og så bar det av garde; ikkje den vegen som eg trudde vi skulle fare, der som Nils og eg hadde køyrt eit par gonger då vi var på dei kantane. Nei ruta var slik: Volda, Grodås, forbi Hellesylt og til Stranda, der vi tok ferje over til Liabygda, ein kort veg til Linge som er det neste ferjeleiet og ferje over til Eidsdalen. 

Den ferjeturen har eg tatt før, i lag med Nils då vi besøkte Snipsøyr familen i Eidsdalen. Men i dag køyrde vi langs fjorden til vi kom til neste dal, som heiter Herdalen. Det var ein nydeleg plass ved sjøen, til og med ei kyrkje var der, men vi skulle til fjells med ein diger buss på ein smal og til dels bratt veg. Men det gjekk fint. Eg syntest litt synd i sjåføren, men han syntest alt var berre kjekt i dag når han slapp å køyre rutebuss. Vi køyrde langs eit vatn før vi kom til sjølve setra. Vi blei tatt i mot av ein hyggeleg nordmøring som snakka såpass tydeleg at vi forstod. 

Eg lurte på kvar geitene var, men dei var langt borte ved foten av fjellet, der var også sauer og hestar, og massevis av sel, som delvis var i bruk. No er dette ikkje ei vanleg seter men ein stad for turistar, Han fortalde at dronning Sonja hadde vore der fleire gonger og ho måtte bruke utedoet ho, slik alle andre. No heiter det visst Dronningdoet eller noko liknande. I dei ulike sela vart det laga ost og karamellar og graut m.m.

Det var litt kaldt sjølv om sola skein, så vi fekk kome inn i eit hus og få mat. Vi fekk rømmegraut av geiterømme, den var kvit, men smaka nesten som vanleg rømmegraut, og ved sidan av fekk vi spekepølse og spekekjøt -av geit. Etterpå fekk vi kaffi og sveler med geitost. Vi fekk så mykje mat vi berre ville ha. Dessverre blei det ingen ting av bilda som eg tok inne, Telefonen er ikkje alltid å lite på. Men eg svinsa no rundt ute og tok bilde av setra og fjella som var heilt annleis enn fjella her heime










Eg fekk ikkje tatt så bra bilde, men kanskje andre legg ut på FB og då kan eg låne dei.

Vi tok samme vegen tilbake som så då vi kom, men denne gongen reiste vi ikkje til Grodås, men tok av frå vegen og køyrde  Norangsdalen  og vidare til Leknes og ferje til Sæbø og buss heim. Det var ein fantastisk tur, sjølv om det vart langt å køyre og mange ferjer,  Buss-sjåføren takka oss for at han fekk vere med på denne turen i staden  for å køyre rutebuss- han var blid som ei sol. Og eigentleg var det han som redda dagen og turen for oss alle

Her ser vi frå Linge og over til Eidsdalen; dersom ein køyrer opp Eidsdalen og ned på andre sida, kjem ein til Geiranger. Så stilt og fint var veret i dag.

Bilde som andre har lagt ut på FB:



                                                                           Do-kø på setra

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 8.mai

Det var fart på elva i dag igjen,det er snø som smeltar  Klokka er no 16.50, temperaturen på trappa er +16 grader C, sola er litt av og på i...