fredag, juli 07, 2023

Dagbok 2023: 7.juli


 Klokka er no18.22, temperaturen ute er + 20 grader C, Det er lettskya og sol akkurat no. Ikkje så mykje sol tidleg på dag. Men det er fint å vere ute. Eg var ute ei god stund på føremiddagen, klipte plenen attmed huset ein gong til, for der låg att så mykje som ikkje hadde kome med i går. Rensa litt ugras etc. her og der.

Elles så ser vi fram til at der skal komme folk i dei tomme husa etter kvart, og helst bør dei ta bort store tre som skygger for utsikta. Elles er det to som skifter til nytt tak for tida. Dei er heldigare med veret enn eg var i fjor.

Eg plukka opp i ei skål med jordbær og gjekk på sjukebesøk til Marit. Ho kan ikkje gå mykje med den låke foten, men det kjem seg etter kvart. Janne og familien gjer seg klar til å fare på hytta, og Lolla har flytta ned på trappa mi. Ho kjem og vil ha mat rett som det er. Eg har fått kattemat med Marit.

I dag laga eg meg skikkeleg god middag, det gjer eg no av og til. I dag var det steikt ørret med poteter, og grønsaker - både kokte og rå. Eg har ikkje gjort mykje inne i dag, for eg var ikkje ferdig med sudokuen i fredagsavisa før no nyleg.

Eg spør Rasmus kva tid dei kjem. Han seier at dei kjem mandag eller seint søndags kvelden. Så i morgon skal eg handle inn litt mat å ha i huset, og så har eg utsett fredagsvasken til laurdag. Skal ta meg ein tur ned på Askjellhaugen også. Det regnar litt både no og då, men det er heilt tørt i bedda, så eg trur eg må vatne både her og der.

Eg skulle i grunnen hatt meg ein tur på Vernet, men npo lid det så langt at eg får vente til i morgon. Treng å sjå nyheiter og anna- forstår i grunnen ikkje kva det vart av denne dagen.

Ønsker i alle fall alle ei god helg, og så ser eg fram til at heile famiien skal komme til rette igjen. Reknar med at Margrete & co kjem heim i løpet av helga. Solveig og Øystein er no heime for lengst.

Dette beddet fer eg over kvar dag, for eg har bestemt at her skal ingen ugras få fred. Den vesle grøne tusten er ikkje ugras. Eg skulle gjerne ha vore gartnar, men helst om sommaren i fint ver.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...