torsdag, juli 06, 2023

Dagbok 2023: 6.juli

Klokka er no17.30, temperaturen ute er +23 grader C, det er lettskya , og sol. Med andre ord er det nydeleg vêr. Eg kom nettopp att frå ein liten tur på Vernet, der var fint og varmt der også i dag. På føremiddagen ein gong kom det ei lita regnbyge som eg ikkje merka noko til anna enn at eg såg det var vått på asfalten. 

I dag hadde eg ein veldig aktiv føremiddag, eg fekk gjort mykje,synest eg, men det var inne. Ute i hagen har eg ikkje vore i dag, men no skal eg snart snike meg ut og finne meg nokre jordbær. 

Eg talde på knappane om eg skulle gå tur, eller jobbe i hagen, som sagt vart det tur i dag, og knea klarte seg bra. Eg likar å gå der oppe og sjå på alt som veks, av blomster og av tre. Det går ikkje så mange år før der er ein heil juletreskog. Ikkje så mykje blomster no, men geitramsen står klar ved grinda. Det veit eg frå tidlegare år-.

Eg har mellom anna vaska klede i dag, og sidan der var sengetøy tromla eg kleda tørre, elles plar eg tørke på stativ i kjellaren eller på altanen. No skal eg hente kleda opp og sjå om der er noko som skal strykast


Her er det to rosetre som blomstrar, det eine er Leonardo da Vinci, det andre kjøpte eg i fjor, men hugsar ikkje kva dei heiter. Same om det har regna titt og ofte så er det tørt i jorda-i alle fall øvste laget.Eg kan ikkje forstå at vi alt er komne ut i juli månad. Tida fer så fort, særleg om sommaren.

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...