Det var godt at sommaren kom tilbake, det var ikkje så kjekt med regn og "kulde".
Avtalen i dag var at Einar skulle komme og male klokka 11, og som vanleg kom han heilt presis eller litt før tida. Eg styrte med diverse i huset før han kom, vaska steik-omnen og tok ut oske og shina vinduet på ovnen t.d. Det var for vått i graset til å begynne å klippe plen , så eg tok saksa og klipte kantar her og der. Ja, eg kan no ikkje hugse alt eg styrte med.
Einar mala og eg klipte plen fram mot middag. I dag diska eg opp med heimelaga Lasagne som eg hadde i frysaren, og til dessert vart det kaffi og is. Etter at Einar hadde reist, klipte eg resten av plenane, dvs. heile tomta vart klipt i dag med unntak av plenen ovafor garasjen, for den klipte naboen før helga. Eg var nokså gåen då eg var ferdig.
Det blei ingen tur på Vernet i dag, men eg trur at knea mine er heilt OK. Eg brukar no føtene når eg fer rundt med klipparen også. Eg hadde eit par drikkepausar når eg måtte ladde startbatteriet.
Dette beddet ved Urkegarasjen har aldri vore heilt ferdig planta. Det som står der no er ein Hosta , med kvitkanta blad og så er der ein Klematis med mørklilla blomster på ein staur. Eg plar hive nedi nokre løkar no og då, slike som eg får i potter t.d. så om våren kan ein få sjå blomster som ein ikkje alltid har rekna med.No prøver eg å ha der ugrasfritt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar