tirsdag, juli 04, 2023

Dagbok 2023 : 4.juli

Klokka er 17.12, temperaturen ute er + 15grader C. Det er opplett, men skodda ligg langt nedetter fjellsidene. Det positive er at det ikkje regnar.


 Eg skal forklare noko om bildet over. Dei runde metallformene har eg ein gong fått, fulle med blomster. No har eg gjort noko lurt, trur eg. Eg hadde to graniumar ein raud og ein rosa-ingen av dei såg bra ut, så eg tenkte eg kunne ta avleggarar og plante dei. Det gjorde eg, og eg fekk eit tips frå Marit om at det ikkje var naudsynt å sette avleggarar i vatn, eg kunne berre stikke dei i jorda. Det har eg gjort og det ser ut til at dei trivest. Før i tida var det vanleg å plante avleggarar, no trur eg folk flest kjøper ferdige blomster og det er no greitt, men eg synest det er noko spesielt med det ein sjølv plantar og steller- etter fattig evne.

I dag hadde eg ingen fast plan for dagen, så det vart litt av kvart eg styrte med , litt rydding har og der, støvtørking etc.etc. Eg hadde tenkt å lage ein bolledeig, for det eg kjekt å ha bollar i frysaren om nokon skulle kome. Men då måtte eg på butikken og kjøpe melk, for eg var lens. Så tok eg med tomflasker med det samme. Har ikkje levert tomme flasker etter jul, trur eg, for her har vore diverse ungdommar og "tigga" PANT nokre gonger.

Mens deigen stod til heving styrte eg med litt av kvart. Og så kom Einar, heilt uventa. Eg hadde fått melding i dag tidleg om at han skulle kome " i morgon." Det var berre det at han hadde skrive meldinga i går kveld -og då hadde eg ikkje sett den. Men det gjekk greitt; Einar mala og eg baka. Så drakk vi kaffi og åt bollar då den tida kom. Eg hadde dessutan vore i åkeren og plukka jordbær så vi fekk ein liten smak. Einar vil komme att i morgon og måle meir, så eg skal rydde litt på altanen til den tid.

Eg gjekk ikkje på Vernet i går og eg har ikkje gått i dag heller, men eg trur knea er bra, det var kanskje litt gikt i samband me verskiftet, men eg har lett for å tenkje det verste når eg blir dårleg i knea. Eg ser at skodda lettar meir og meir. Skulle ønske at eg fekk klippe plenar i morgon. Elles blir eg aldri arbeidslaus, eg har eit hus, ein bil og ein garasje. Say no more. 

Solveig og Øystein kjem visst heim alt i kveld. Margrete og gjengen blir vel veka ut i Solund. Rasmus og familien kjem søndag eller mandag, så då blir vi fulltallige.

                                    Her har Einar måla i dag

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...