mandag, juli 03, 2023

Dagbok 2023: 3.juli


 Klokka er no 17.44, temperaturen ute er+ 15 grader, og det regnar meir og mindre, eg kjende at humøret og energien forsvann då eg såg veret i dag. Eg trudde det skulle skine opp slik som det har gjort kvar dag før. Men nei !

I går kveld var eg ikkje god i det høgre kneet mitt, og med det samme eg får vondt i eit kne blir eg veldig skeptisk. I året 2018 hadde eg mykje problem først med eine kneet, så med det andre. Det varte ut året og enda lenger. Det var cyster som sprakk inne i knea. Det varte lenge før eg vart heilt bra, men no hadde eg nesten gløymt det. Eg har gått på trening i fleire år og dessutan sørga for litt meir mosjon. Eg var heldigvis ikkje så låk då eg vakna i dag, og då eg såg veret tenkte eg at det kanskje berre var gikt. Eg håper i alle fall det.

I dag skulle eg eigentleg ha klipt plenar, både rundt huset og nede i skråninga, men det måtte eg berre gløyme med ein gong. Heldigvis hadde eg ein plan 2, så eg sette i gang med å finne fram sengetøy til gjestane mine og strekke på sengane.

Og så skulle eg til Vik og handle litt, kjøpte noko lite på Europris, blant anna litt garn, for eg har eit halvferdig lestepar som eg kan gjere ferdig. Eg har eitt par som berre manglar litt på å vere ferdig, men det garnet har dei aldri inne.

 Då eg kom heim att laga eg meg litt middag, og sette meg i godstolen med TV på, og eg trur eg sovna litt. Det kjem vel med for eg legg meg seint og står opp tidleg. Eg hadde tenkt eg skulle ha sjølvdyrka jordbær til dessert i dag, men bæra kjem vel berre til å rotne-viss det ikkje snart blir godver.

Ja, eg skal no ikkje syte så mykje over veret heller, vi har hatt ein fin juni månad, men det er rart at det nesten alltid er dårleg ver i juli. Eg tenkjer på Margrete og Co som er i Solund. Der bør ein vere i godver,

Som de veit fyller Solveig 60 år i dag, og den sommaren ho vart fødd var juli  heilt nydeleg og varm. Då eg låg på sjukehuset på Eid, kom overlege Wennevold inn på rommet der eg låg. Han spurde kva jenta skulle heite, og eg svarte at eg ville kalle henne opp etter sommaren -ho skulle heite Sol-veig.

I dag er ho i Sverige, der har ho vore fleire av fødselsdagane sine, sidan ho er fødd i sommarferien.

Eg har hatt mykje energi hittil i sommar, men den forsvann med godveret. Håper sola kjem att i morgon.

Eg skal kanskje bake litt? Nei, trur heller eg strikkar litt -eller?

 

                                       Eg slepp i alle fall å vatne.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...