søndag, juli 02, 2023

Dagbok 2023: 2. juli.

Klokka er no 17.52, temperaturen ute er +23 grader C,det er delvis skya og vind.

Det var varmt og godt då eg var ute for ei lita stuns sidan og klipte litt gras med handd. I morgon blir det å klipper plenane-heile tomta denne gongen. Men det går bra.

I dag vakna eg to gonger før eg stod opp den 3. Først var det reg og overskya, men då eg stod opp i8 tida, skein sola.Eg var ikkje så sikker på kva eg skulle gjere i dag, men i 11-tida tok eg ein tur på Vernet før føtene vart slitne. 


                                     Fine blomster på Vernet også


Då eg kom heim, laga eg ei kake, og i same rennet laga eg middag til meg sjølv. I dag fekk eg yndlingsretten min:Speke-/kryddersild med poteter, kålstuing etc. 

Etterpå grov eg i meg resten av ein påbegynt is: Eg vaska opp det meste av rotet med hand, for så skal eg lage glasur til kaka litt seinare.

Veret har vore litt skiftande i dag, men no då eg var ute i hagen var det varmt og godt. Eg fann meg nokre modne jordbær i dag også. Denne jordbæråkeren eg har no.har eg sjølv laga frå begynnelsen av. Plantane har eg fått av Marit U. Men der er ei fæla rot, trur plantane flytter på seg sjølv, dei står i alle fall ikkje der eg har planta dei. No lurer eg på om eg skal lage til jordbær- åkeren i den andre åkeren som har stått tom i mange år.

Kvar gong eg går forbi storkenebb blomstrane , må eg stoppe opp og nyte synet. Aldri før har dei vore så fine som i år, men peonane er også fine, dei er ikkje så fylte som mange andre , men dei har fin farge.


Eg har høyrtbåde frå Solveig og Margrete som begge er på tur, og så har eg "prata" litt med Rasmus på Messenger. Dei har tenkt seg oppover hit komande helg-og denne gongen har vi god plass til å ta imot dei. Eg ser fram til at dei skal kome.

Denne veka er det ikkje trening, så eg må passe på å trene sjølv. Dessutan har eg mange jern i elden-eg får vel kanskje gjort halvparten, eller knapt nok det. Det er overskya urte no, så det blir vel regn denne natta også. Det har regna kvar natt i det siste, men det er tørt i bedda mine.

 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...