Klokka er no 20.00 og temperaturen ute er + 23 grader C. Sola forsvann litt no, men det er det skyene som sørger for; vi skal ha sola her til ca kl.21.
Det har vore ein strålande dag med sol frå morgon til kveld. Eg har det med å stå opp veldig tidleg somme dagar, i dag var klokka ca 4 då eg først stod opp og sjekka veret, det var overskya og regn. Men då eg stod opp for alvor var det sol og nydeleg ver.
Sidan eg ikkje tok fredagsvasken i går , tok eg vasken i dag, det er no ikkje så mykje. Men etterpå spyla eg trappa og vindua, og då eg såg kor tørt det var i bedda tok eg like godt og vatna nesten heile tomta. Eg sit mest i ein stol og held slangen. Det har vore litt regn no og då kvar dag/natt, men det var knusktørt i bedda.
Eg skulle handle litt matvarer i dag, men først køyrde eg fram på gravplassen og såg etter korleis der stod til. Eg kunne kanskje finne noko å plante på KIWI? Blomsten som eg sist planta på grava var i live og såg bra ut, men der skulle ha vore noko meir. Viss eg orkar det i morgon kan eg ta ein tur på Plantasjen, der er ope på søndag.
I dag bevilga eg meg ei stund på solsenga på altanen, før eg gjekk opp til Marit ein tur. Ho er heime åleine denne helga.
Eg ser på FB at Margrete og Co er heime frå turen til Solund. Dei var no heldige med veret i år- då eg var med dit for to år sidan , var veret heilt strålande. Og då er det fint ute ved havet.
Tysdag ventar eg Rasmus med familie, noko som eg ser veldig fram til. Ikkje berre er det kjekt å vere i lag, men Rasmus ser det visst også som ei plikt å hjelpe meg med det eg ikkje greier heilt åleine. Velkomne er dei i alle fall. Og no er kjellarleilegheita ledig så den kan vi ta i bruk når det trengst. Eg kosar meg med å ha huset heilt åleine dvs. utan leigebuerar.
Utsikt frå altanen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar