torsdag, desember 01, 2022

 

                                      Ved ALTI. Ser dokker endene?

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er 0 grader C. Det har vore ein fin og klår dag, med sol  fjella. Berre synd at den ikkje når ned til oss. Det er snø på toppane, og der kan den godt halde seg. I dag var det litt glatt på vegane, men det gjekk fint å køyre likevel.


Eg stod opp relativt tidleg i dag og hadde god til før eg skulle vere hos frisør 

kl.10 . Eg parkerte bilen ved Alti og gjekk opp i gata. Eg skulle både farge og klippe håret, så det vart ca 2 timar i frisørstolen, men eg fekk både kaffi og sjokolade , så det stod ikkje på. Eg vart ikkje så fin som eg ønska å bli, men dei kan no ikkje utrette mirakel heller. 

Då eg kom ned att til bilen var rutene frosne, og eg hadde sjølvsagt "rydda" vekk snøskrapene. Eg hadde berre papirlommetørkle til å hjelpe meg med, og det var no bra hjelp, men så sette eg på vidusviskarane med væske og då for resten av isen på eit øyeblikk.

På heimvegen handla eg på Kiwi, hadde gløymt huskelista i dag og, så eg er framleis utan løk. Dei andre tinga fekk eg med meg.

Då eg kom heim måtte eg fyre i omnen først, og så laga eg litt mat før eg sette meg inn i stolen og "halvsov". Eg hadde ein avtale med Marit om at ho skulle komme ned ein tur , og det gjorde ho. No har vi drukke kaffi og prata. Marit har gått heim att for no har dei middag. Eg kjem meg ikkje i gang med noko arbeid i dag, det er tidleg kveld, men i morgon er det fredag IGJEN så då må eg gjere litt husarbeid, det har vore lite av det denne veka.

Eg har begynt å strikke lestar av tynt garn, vart ferdig med den første i går. Eg brukar pinnar nr.2,5, men eg angrar litt på at eg ikkje tok nr. 2. Kanskje eg kan gjere det på neste par.

                                                     Bildet er tatt klokka 12.55

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...