fredag, desember 02, 2022

Dagbok 2022: 2.desember


 Klokka er no 15.45, temperaturen ute er minus 3 grader C, og det er vakkert og skyfritt,- og sol for dei som er heldigare enn vi her. Ned til oss kjem ikkje sola  før langt ute i januar. Men det er no fint, sjølv om eg synest det er kaldt. Eg vil helst ha + 20 grader eller meir. Det får vi heller sjeldan her.

I dag har eg vore heime heile dagen. Eg har tatt fredagsvasken, og så måtte eg ta att sudokuen i Møre-Nytt som eg ikkje fekk til i går kveld. No er den i boks. Las litt i avisa også. Mens eg plaga meg sjølv med sudoku, kokte eg risgraut som eg åt til middag i dag. 

Eg har ikkje snakka med ei sjel i dag, men Marit og eg har alltid ein prat gåande på Messenger. Og i dag fekk eg melding frå Bodil også, no er ho oldemor til 3, alle gutar.

Det er ikkje så greitt å få gjort noko i kulden, for eg vil helst vere der som er varmt. Varmepumpa står på heile døgnet, men eg må fyre i tillegg. Det er rart med det, når det er berre eitt menneske som varmar opp, tregst det fyring. Eg har ikkje så mykje å fortelje i dag når eg berre har vore her heime åleine. Eg har ikkje baka noko særleg til jul enno, men eg må vel ta meg saman å få til litt. Baking er ikkje det kjekkaste eg veit. Her på datarommet har eg ein liten vifteomn, men den varmar ikkje så mykje, så eg får vere litt kort i dag og gå inn att i stove-varmen.

Bilda tok eg rett før eg skreiv, det første mot aust, og dette mot sør-vest

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...