Klokka er no 16.10, temperaturen ute er + 9 grader, det er skya ute, men vi ser litt av sol i skyene. Det er vakkert ute no når sola enno er her og lyser opp dei vakre haustfargane. Eg likar i grunnen hausten -viss veret er fint. I år er det enno somme plantar som står i blomst fordi sommaren kom så seint.
Eg hadde det ikkje så godt sist natt, for helvetesilden hadde teke seg opp att og det var vondt. Men eg kom meg no opp, og etter at eg hadde ete frokost og tatt smertestillande var eg ikkje så elendig som eg trudde. Men eg sette ikkje i gang med nooko storarbeid, rydda litt her og der, strikka litt og øvde på spanskleksa mi.
Dette plommetreet klipte eg veldig mykje ned i fjor, så i år var der ikkje ei einaste plomme. Men eg har plommer frå i fjor i frysaren enno.Etter kvart fann eg ut at eg ville på butikken, så eg kledde meg om. I går køyrde eg rett forbi KIWI fordi parkeringsplassen var full, det er ikkje vanleg. Men jammen var der like fullt i dag, men eg fann no ein plass. Då eg kom heim att laga eg god middag til meg sjølv, med grilla kyllinglår og ris +grønsaker. Eg lagar av og til slike gode måltid til meg sjølv, men ikkje kvar dag. Eg hadde i grunnen lyst å gå tur på Vernet i dag, men utsette det til i morgon. Noko anna som eg må ta meg av er å spyle bilen, Såg i dag at der er sagmask på rutene. Truleg fordi den står inne i garasjen, der det har vore mykje sagmask som rettnok er kosta opp,men sikkert ikkje godt nok. Viss det blir opplett i morgon har eg litt hagearbeid som står att. Det blir vel snart ein tur på VØR igjen.
Resten av dagen/kvelden går vel med til TV, strikketøy og kaffidrikking. Håper alle som er innom her også har ei god helg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar