Klokka er no15.15, temperaturen ute er +8 grader. Det er opplett no, men eg trur det har vore regn før i dag for det er vått på gata og trappa. Eg har ikkje sett så mykje ut i dag, har hatt augene på TV og strikketøy. Bilda var eg ut og tok litt før kl.15.
I dag vakna eg klokka 7 og verkte såpass i foten at eg stod opp og tok tablettar. Dei hjelpte ikkje mykje, men eg låg og høyrde lydbok på telefonen til klokka nærma seg 10-utan at foten vart noko betre.
Etter frokost etc. sette eg meg til å strikke og sjå TV, så no har eg gjort ferdig eit lestepar til, denne veka. Eg har ikkje så vondt når eg sit i ro, så eg har god unnskyldning. Innimellom har eg fyrt i omnen, og eg har også ete middag. I går åt eg berre hovudrett, så i dag åt eg dessert.Når ein er åleine gjer ein som ein vil.
Innimellom prøver eg å jobbe med spansken, no har vi lekse på You tube m.a. Eg likar best å ha lekse i bok. I sommar som var las eg ut heile spanskboka fleire gonger. Der er mange spanskkurs på nettet, og der er mykje som er bra. Men det er så mykje tyngre å lære noko no enn det var den tida eg var ung.
Eg brenn på siste vedsekken min, men eg har bestilt meir ved av naboen. Han brukar å sette sekkene inn i garasjen til meg, og ikkje for mange i gongen.
Eg har ikkje tatt tablettar sidan klokka var 7, eg greier meg utan når eg sit i ro, og så vil eg helst vite KOR låk eg er. Tok meg ein tur i hagen, der er diverse som eg må gjere før snøen eventuelt kjem. Noko er det som blomstrar enno:
Og Einar-rosa , som eg kallar den, står med mange knoppar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar