fredag, november 04, 2022

Dagbok 2022: 4.november


          Ildtoppen som eg fekk av Solveig førre veka sprett ut litt kvar dag.

Klokka er no 17.36,temperaturen på trappa er + 8 grader og det har regna meir og mindre i heile dag. Og eg hugsar ikkje å ta bilde mens det er dagslys.

I dag har eg ikkje vore heilt i strøk, på føremiddagen var eg berre trøytt og ville sove, noko som eg ikkje fekk til. Kom meg ikkje i gang med noko arbeid heller.

Eg vart sittande å høyre lydbok  blant anna. Fekk no rydda litt i huset, men ikkje vaska slik eg plar.

Eg laga meg litt mat utpå dagen og så tok eg meg ein tur på ALTI. Eg skulle ha Paracet på resept og det fekk eg. Heilt gratis vart det inn, men mykje billegare enn å kjøpe pakkar Så var eg inn til Mariann og kjøpte diverse hårprodukt. Eg ahdde tenkt å handle mat på KIWI på heimvegen ,men der var parkerinsplassen så full at eg gad ikkje å prøve å parkere.

Då eg komheim fyrte eg i omnen og så såg eg vidare på ein serie sm eg begynte på i går. Det var ein miniserie, men så tok den aldri slutt. Eg trur eg sovna litt inne i serien, men det får stå si prøve. Den er ikkje slutt enno, men no reiv eg meg laus.

Foten min har ikkje vore så god i dag som den var i går av ein eller annan grunn. I går tok eg ikkje tablettar anna enn morgon og kveld, det kan det hende eg må i dag, men har ikkje tatt noko enno-sidan i dagmorgon. 

Som vanleg har eg ikkje greie på dagane, så i dag er eg komen til laurdag. Men eg veit at det er fredag-og ei heil veke sidan vi var i gravferd.Til eldre ein vert til fortare går tida. 

Eg er litt lei for at eg ikkje får ordna opp litt ute, men det er ikkje ver til å halde på og ikkje har eg helse til det heller.

I går tenkte eg at eg skulle stå tidlegare opp i dag for å ha meir dagslys, men eg blir visst aldri nokon morgonfugl.

Eg ønsker alle ei god helg. Og no skal eg lage meg litt kaffi-og julekaker?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 9.januar

                                                        Kald januar  Klokka er no 17.05, temperaturen ute er minus 11 grader C. Og på maskin...