Klokka er no 17.40, temperaturen på trappa er +11 grader og eg trur at det stort sett har vore opplett i dag. Eg har ikkje vore lenger i dag enn rett over gata.
Då eg vakna og stod opp i dag var eg låk både i sjølve foten og utslettet. Etter at eg tok to Paracet har eg vore ganske bra resten av dagen.
Eg hadde sendt eit spørsmål til legen min om eg skulle ha meir medisin for helvetesilden , og i dag ringde ho og sa at eg ikkje skulle ha fleire slike tablettar, men eg kunne ta Paracet for smertene. Ho ordnar det slik at eg får Paracet på resept og då blir det billegare. Det går med ein del slike no.
Elles har eg sett litt TV og høyrt lydbok. Eg greidde også å få støvsuge teppegolva sjølv om ryggen var vond.Kva den er vond av, veit eg ikkje, men eg trur det kom då eg heldt på å rydde i garasjen.
Marit var heime i dag og eg spurde om ho ville ha besøk, og det ville ho. Så då fekk eg høyre om sjukehusinnleggelsen etc. Ho skrytte veldig av dei som hadde stelt med henne på sjukehuset, kor blide og snille dei var. Og eg trur det så gjerne. Eg var no mykje på sjukehuset den tida Nils var ut og inn der.
Då eg kom ned att kokte eg risgraut til middag, og las lydbok mens grauten kokte.
Eg studerer mykje på korleis ein kan få diverse metallskrot bort på VØR, eg ser at ein kan få låne til hengarar der borte-men eg manglar ein mann med hengarsertifikat. EG kan i alle fall ikkje fare bort med det. Eg er heilt dagvill, men har kome til at det er torsdag i dag, ei veke sidan Rasmus kom, dagane og vekene fer fortare enn nokon gong-det synest alle eldre som eg kjenner.
I morgon skal eg ta ein liten fredagsvask og så veit eg ikkje meir -eg må vel kanskje handle litt. Bildet over var det einaste eg kunne få til-det mørknar tidleg no. Eg trur det ville vere lurt for min del å stå opp tidlegare for å nyte dagslyset.
No skal eg begynne på eit nytt lestepar, Solveig har kjøpt garn i Sverige som eg strikkar på no. Eg har eit lestelager som dei trengande kan forsyne seg av.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar