onsdag, november 02, 2022

Dagbok 2022: 2. november

 


                                                          Nesten julestemning?

Klokka er no17.17,temperaturen ute er + 7 grader og det regnar. Mørkt er det også. Men det er november, så då er det berre slik.

I dag bestemte eg meg for å gå på spansken viss eg var nokonlunde bra. Eg sov bra i natt, vakna tidleg, tok smertestillande og sovna litt igjen før eg stod opp. Eg fekk no dusja og vaska håret såpass eg var presentabel, og så vart det spanskkurs. Eg hadde ikkje budd meg i det heile att, men det første som skjedde var at eg måtte lese replikkane til "Lola" utan å ha sett på dei før, men det gjekk tolleg bra. 

Då kurset var slutt, fekk eg vite at det skulle vere pensjonistmøte i dag ettermiddag, men det orka eg ikkje. Eg handla litt på KIWI på heimvegen, men til middag vart det resten av ballen eg tok opp frå frysaren i går. Eg hadde tre panner med ball som eg fraus, no er det berre to att. Og takk for det.

Etter middag sette eg meg framfor TV-en og strikka. Så ringde telefonen og det var Ellen Marie, vi prata så lenge der var straum, men så måtte eg legge telefonen på ladding. Eg sat og halvsov framfor TV-en ei stund. Eg skulle leite opp noko spansk på You tube som vi har i lekse, men fann det ikkje. Det er kanskje lettare å finne det på datamaskina.

Eg har ikkje tatt smertestillande sidan i dag tidleg, men heilt bra er eg ikkje, og energien er ikkje komen att. Det er som om heile huda på kroppen er sår når eg kjem bort i noko. Men no skal eg i alle fall ta meg saman og rydde kjøkkenet. Trur eg.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mai

Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...