tirsdag, november 01, 2022

Dagbok 2022; 1.november





Klokka er berre 15.33, så det er vel litt for tidleg å oppsummere dagen, men skjer det noko, kan eg no føye det til.

Ute er det overskya, opplett og +14 grader. Det er no ganske bra for årstida. Eg er glad for kvar dag vi slepp å ha snø-

Eg har ikkje gjort det skapte grann i dag utan å sjå TV, strikke, lese avisa etc.

Eg verkte i heile kroppen i natt ,og var ikkje mykje tess då eg stod opp. Det første eg gjorde var å ringe ned på Legesenteret og der bad eg dei om at Trude, fastlegen min, måtte ringe til meg. Dermed vart eg gåande å bere på telefonen heile dagen. Det verste er at Trude sikkert har ringt, men det har vore noko kluss med telefonen. No er den i orden, så eg håper ho ringer ein gong til.

Det eg lurer på er om eg skal ha meir medisin, for eg er ikkje ferdig med hevetesilden enno. Men akkurat no føler eg meg heilt OK. Det er nettene som er verst.

Eg trudde at eg skulle få begynt på garasjeryddinga i dag- men slik vart det ikkje. Viss eg er rimeleg bra, skal eg fare på spansken i morgon-men eg veit ikkje.

Eg fraus ned ein god del ball etter den store balldagen, i dag tok eg opp eine porsjonen og åt halvparten til middag. Då blir det vel andre halvparten i morgon. Det var ikkje noko i vegen med den eg åt i dag.

No har eg eigentleg lyst å gå tur, men eg skal la det vere, og sjå om det hjelper på føtene mine (og ryggen) å vere heilt i ro ein dag.

I går kveld tørka eg ein relativt stor klesvask i den nye trommelen. Even var ned og hjelpte meg litt, for eg var redd å gjere noko gale. Det var litt annleis å legge i hop kleda i dag. Når eg tørkar på stativ blir kleda veldig harde. Eg har diverse å rydde i kjellaren også.Eg skulle ha fått opp lauvet som ligg utover plenen-men der er for vått.

Ja, det var mykje som skulle ha vore gjort, så det passa dårleg med vonde føter og rygg akkurat no. Vona er å bli bra igjen.

Bodil sende meg eit avisinnlegg, der ein som kjende han skreiv eit fint minneord om Svein. Hilde har lagt det inn på vanleg FB, så då er det mange som kan lese.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...