søndag, oktober 02, 2022

Dagbok 2022: 2.oktober


 Klokka er no16.55, temperaturen ute er + 13 grader, det har vore opplett til denne tid, men no kom det nokre dropar. "Regnet slutter" står det på skjermen min, og det håper eg verkeleg. Brubakk skulle fått seg nokre fine dagar til og blitt ferdig med taket.

I dag sat eg og strikka framfor TV-en ei stund før eg kledde på meg og gjekk ut. Eg gjekk først ein runde på Vernet , så gjekk eg på vegen langs Vernet og opp på toppen av Storebakken, og så gjekk eg diverse vegar heilt til eg kom heim. 

Det vart ein litt lengre tur enn vanleg. Eg vart svolten og laga meg middag i ein fart, det var berre å raide fryseskuffene i kjøleskapet, så hadde eg kyllinglår, ris og saus. Dessert laga eg langsmed, det var riskrem. Mens mikro-omnen surra rakk eg å fyre i omnen og koste opp ein god del sagmask i garasjen. Men etter eg hadde ete, vart det godstolen og TV- eg sovna nesten, men ikkje heilt.

No skal eg feste trådane på eit lestepar, og så må eg sjå om eg kan skrape i hop garn til noko meir, eg må ha noko å strikke på no når kveldane blir lengre og lengre.

Eg må visst ned i tilbygget etter meir ved, for eg er frostig. 

Ingen kommentarer:

                                                        Utsikt mot Mosmarka.i 18-tida Klokka er no 17.55, temperaturen er så vidt +1 grad, o...