lørdag, oktober 01, 2022

Dagbok 2022: 1.oktober

 

Klokka er no 16.10, temperaturen ute er +17 grader. Eg har vore frostig i dag, for det har vore overskya, men typisk nok skin sola inn glaset no. 

Brubakk jobbar enno, men han kan kvile seg ut i morgon, meinte eg, men då skal han sjå til honningbiene sine. Ja, berre skuldra held ut ei veke til no, så er taket ferdig, trur eg.

Eg hadde ingen planar for i dag, anna enn at eg skulle handle litt matvarer. Det var no fort gjort , så eg tok ein runde på Vernet etterpå. Der var ikkje så stor trafikk, men i trappa kom ein heil familie nedover då eg skulle opp. Det var nokre litt mørkhuda folk, mor og far og tvillingar, ein gut og ei jente. Eg snakka litt med faren. Tvillingane var så nydelege ,mørke i huda og svart hår, dei kunne kanskje vere i 3 årsalderen , pluss minus.

Då eg kom heim att laga eg meg grønsakmiddag og åt- før eg tok telefonen med meg på datarommet og høyrde bok. Eg har ein liten vifteomn her som varmar fort opp heile rommet. Når det blir slutt på takarbeidet skal er kveike i omnen på stova. Eg har diverse problem med TV-en, men eg får no sett det er vil-nesten. Det er ikkje noko som er øydelagt, men det er noko eg ikkje får til.

Eg kunne sikkert ha gjort noko ute i dag, men eg hadde ikkje planlagt noko. Når takarbeidet er slutt for dagen, kan eg vaske klede viss eg vil. Snikkaren og eg deler ein stikkontakt i kjellaren. No angrar eg litt på alt eg ikkje har gjort i dag. Hadde eg hatt ein sagkrakk kunne eg ha saga ved, for eksempel.

Måndag skal Marit og eg på kino og sjå "Krigsseileren" på dagtid. Marit er alltid orientert om filmar og etc. sidan Janne er sjef på kulturhuset. Tysdag blir det trening og onsdag er det pensjonistmøte, litt spesielt fordi det er "Den internasjonale eldredagen". Felespelaren frå Hareid/Volda skal komme denne gongen også og spele i lag med Marie Austrheim Riise; det ser vi fram til. Vi får ikkje ha spanskkurs denne veke fordi rommet vårt på Bakk-Ola var opptatt. Eg gjekk  igjennom leksa på torsdag, men må vel ta den att ein gong til. Både eg og dei andre i gruppa strevar med dei spanske tala.

Eg strikkar på andre lesten, på andre paret no, så eg er snart arbeidslaus igjen. Eg må no finne meg eit arbeid igjen, maktar ikkje å sitte med hendene i fanget og sjå TV. Eg vurderer å gå ut i hagen og klippe busker og tre, men det er kanskje litt seint på dag ?

Solveig var opptatt i dag, og Margrete har fått Corona, så ho må også halde seg heime. Men snart blir det vel haustferie, og då risikerer eg å få besøk. Det er ikkje komande veke, men veka etterpå. Trur eg.

PS: Sudokuen som eg ikkje trudde eg skulle greie å løyse, løyste eg fort og greitt ved frokostbordet i dag. Dei små grå er enno i aktivitet.

Ingen kommentarer:

                                                        Utsikt mot Mosmarka.i 18-tida Klokka er no 17.55, temperaturen er så vidt +1 grad, o...