mandag, oktober 03, 2022

Dagbok 2022: 3.oktober.

 

r
Klokka er no 17.25, temperaturen ute  er pluss 10 grader og det regnar. Men Brubakk er her enno, har kom i 8 -tida i dag morgon, så no vil han bli ferdig med taket, berre han ikkje øydelegg skuldra si.

Eg hadde ikkje så store planar om å gjere noko i dag, men eg fekk no støvsuga teppegolva om ikkje anna, før vi skulle på kino. Vi for heimanfrå ca 12.50 og filmen begynte klokka 13.30. Vi fekk ei lita kake og kaffi før fimen. Det var fullt i foajeen då vi kom, men Marit hadde bestilt billettar, så vi var sikra.

Det var fullt hus i kinosalen, men aldri har det vore så stilt under ei filmframsyning som i dag. Det var no mest godt vaksne folk som var der, sidan det var midt på dagen. Og fleire menn enn vanleg.

Hovudrolla hadde Kristoffer Joner, han er etter mi meining ein av dei aller beste skodespelarane vi har, og i denne fimen er han eminent. Pål Sverre Hagen hadde den andre hovudrolla. Til å begynne med var det mykje ståk, bombing , forlis etc. etc. Men i kinosalen var det så stilt og roleg som vi aldri har opplevd det før. Eg syntest det var vel mykje styr i filmen, men etter kvart roa det ned, sjølv om det var krig på lerretet. Og eg tenkte: Til vanleg tenkjer eg på krigen som noko som VAR, i dag tekte eg på krigen som ER. Derfor vart det veldig alvorleg på ein måte. Som sagt var det heilt stille i salen. Og eg trur at filmen godt kan få "Oscar"-den er god NOK ! ( Dette var veldig dårleg skrive, men det  får berre stå- Eg anbefaler alle vaksne til å sjå filmen som varer i 2 og ein halv time)

Vi fekk melding frå fysioterapeuten i dag, ho er sjukmeldt på ubestemt tid, så no blir det nokre "fridagar".  I morgon har vi ikkje noko på tapetet, men onsdag er det pensjonistmøte.

Då eg kom heim etter kinobesøket var eg svolten, for eg hadde ikkje ete sidan klokka 8 i dag tidleg, men eg fann mat både her og der og no er eg mett. Når Brubakk er vekk skal eg fyre opp i omnen og sette på TV-det er berre strikketøyet som manglar, men kanskje eg finn litt garn til eit lestepar.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...