torsdag, august 11, 2022

Dagbok 2022: 11.august

Klokka er no16.05, temperaturen ute er + 16 grader C, og det regnar, ikkje byger i dag -  berre REGN. Men akkurat no ser det ut til at det kan bli litt lysare, det plar lette litt mot kveld. Eg ser på TV at på austlandet kan dei både bade og sole seg, då blir eg litt sur, for her har vi knapt sett sola på heile sommaren og i alle fall ikkje i det siste. Her har rett og slett ikkje vore sommar. Det einaste plasteret på såret er at vi har hatt billeg straum, ca. 2 øre pr.KWH.

I dag var vi på trening 10-11 og så handla vi på Spar. I dag var der bær til sals. Ein liten neve med små rips t.d. kosta over 40 kr. Eg tippar at dei ikkje får selt bæra. Dei snakkar om  på TV at matprisane stig, og det trur eg. Eg sjekka bankkontoen min i går, og såg at mesteparten av utgiftene mine er mat. Men då reknar eg ikkje med dei faste utgiftene til straum, telefon etc- for det har eg på avtalegiro. I dag hamstra eg kjøttdeig, som var ca 40 kr. pr 400 gram på Spar.

Etter at ag kom heim har eg berre sløva og ete og sett TV. Og så har eg lese litt i diktboka som eg kjøpte i går.

Det var ei artig stund på Kunsthuset. Først fekk vi eit glas med alkoholfri vin, og etter at Ottar hadde lese og fortalt fekk ein kjøpe bøker og så fekk vi ete noko som eg vil kalle fingermat, dvs små brødstykke med mykje pålegg. Der stod ein pinne i kvar, så vi kunne ete ståande. Det var ASKO som hadde levert.

Eg kjøpte ikkje siste boka til Ottar, men ei som har har skrive før, der dikta var omsett til Engelsk slik at utflytta nordmenn i Amerika skulle kunne lese dei. Ja dikta stod sjølvsagt på norsk også. Og så var der fine fotografiske bilde.

Viss nokon lurer på kven Ottar er, så er han altså mannen til venninna mi, Ragnhild.  Namnet Ottar Løvoll er godt kjent på Eid. Men dette handlar om søskenbarnet hans. Ottar, son til presten Løvoll på Eid, døde for nokre år sidan, då budde han i Ålesund.

Det som var det aller kjekkaste på Kunsthuset var eg eg trefte så mange kjende som eg ikkje har sett på lenge. Mange frå Velle skule var der, slike som eg arbeidde i lag med i mange år. Alle er sjølvsagt gamle no, men held seg bra.

Det som plaga oss alle litt var at vi ikkje høyrde så godt. Eg høyrde no litt etter at eg hadde fått på meg begge høyreapparata. Men vi var samde om at Ottar skulle hatt ein mikrofon.

I morgon er det fredag og så er denne veka snart slutt. Det som er det trasigaste akkurat no , er at huset står og ventar på nytt tak. Eg er spent på korleis dette skal gå. Om han som skal legge taket kjem seg til såpass han greier det. Det er ikkje greitt å ta ned alle stillasa heller. Han har hatt mykje arbeid med å sette dei opp. Og det er vel ikkje nokon som kan steppe inn og gjere jobben. Eg håper på at det går i orden på ein eller annan måte.

Marit reiser på hytta i morgon, så då får eg vel passe Lollo. Eg forstår liksom ikkje kvar denne veka har blitt av. Og det skjer meg i hjartet at eg ikkje får slå plen- eller gjere noko anna i hagen; det er mykje som står på vent.

 


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...