onsdag, august 10, 2022

Dagbok 2022- 10.august

  

  Den raude gravrosa står fin no, og potentillaen blomstrar fint, men ikkje så mykje som dei gule i hekken mot Urke.

Klokka er no ca. 16.30. Temperaturen ute er +20 grader og no er det opplett, før i dag har det regna, så det vart ikkje plenklipping i dag heller. Eg tok den såkalla "fredagsvasken " i dag, dei siste vekene har eg vaska onsdag, og når ein rotar med bær og sylting etc. blir der eit visst behov.

Etter at eg hadde skrive blogg i går, ringde "snikkaren min" og fortalde at han hadde fått betennelse i høgre skuldra, derfor hadde han ikkje kome på "jobben".Eg skal innrømme at eg vart bekymra, ikkje berre for han, men for heile jobben som ventar her. Han hadde fått ei sprøyte med legen og skulle få ei til på fredag, så han trudde han kunne komme på mandag. Det var ein dag eg stod på tunet og såg på heile sulamitten, og tenkte: No må det berre ikkje skje noko- men det var det det gjorde. Så no er det ingen verken på tak eller vegger, så blir det spennande å sjå kva som skjer.

I dag har eg ikkje gjort så mykje anna enn å vaske og rydde og så hadde eg ein klesvask som måtte strykast. Eg må stryke sengetøyet mitt no når eg verken har trommel ellel snorer å henge opp på, berre eit stativ. Men det varer vel ikkje lenge før trommelen kjem, den er no kjøpt og betalt.

I dag klokka sju skal Marit og eg på Kunsthuset der det skal vere diktlesing og musikk og song. Vi håper det kan bli litt kjekt.Vi fekk no spesiell innbyding frå Ragnhild, det er mannen hennar som diktar.

I morgon er det trening igjen, men så er det "God helg!" til slutt.

Eg har mykje bær att å plukke. Den stikkelsbærsylta mi vart litt sur, så eg veit ikkje om eg skal lage meir av den sortenMen bæra skal plukkast.

Å klippe dei var berre kjekt for då hadde eg "FRED" av Arne Garborg på øyret, med ein fantastisk opplesar. Ein må no ikkje gløyme å vere litt kulturell innimellom. Apropos så skal eg på tur med pensjonistlaget den 31.august.

Det er mykje rips att på den einaste ripsbuska eg har att. Eg vil ikkje ha fleire.

Stikkelsbærbuska ser litt rotete ut,  eg klipper mange greier kvart år, men det kjem nye. Og her har skvallerkålen blanda seg inn også. Eg klipper greinene etter kvart som eg plukkar, og det kjem meir enn nok greiner att neste år.

Dette var ein liten avleggar frå eit stikkelsbærtre som eg fann. Eg visste ikkje om den høyrde med til naboen eller meg sjølv, men eg planta den og det viser seg at det er min sort. Naboen har gule stikkelsbær og dei er mykje søtare og betre enn mine. Så det hender at eg tek meg eit bær eller to over grensa.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20.april

  Under over alle under, eg fekk til å legge ut bilda eg tok i dag føremiddag, eg trudde det aldri ville skje- Det verste er at når eg endel...