tirsdag, august 09, 2022

Dagbok 2022- 9.august


 Klokka er no 17.00, temperaturen ute er + 19 grader, noko som minner om sommar. Det regna då vi for på trening, og då vi kom heim att, men så vart det opplett og ganske bra. Eg veit ikkje kva det hadde seg, men eg var fryktelig trøtt heile føremiddagen, ville helst lagt meg til å sove, Men så bestemte eg meg for å plukke litt stikkelsbær, eg har fryktelig mykje på to små busker. Det var fort gjort å plukke så mykje som eg ville ha, og det gjekk fint å klippe dei i begge endar når eg sette meg ved kjøkkenbordet med lydbok på øyra.

Eg sylta 1,3 kilo -  ville ikkje lage meir før eg såg om den fall i smak, og det står att å sjå. Men eg er no den sorten som likar det meste, så det går sikkert bra. Så har eg avtale med Rasmus om at han skal lage pai neste gong han kjem heim, så då kan eg ha bæra klar i frysaren.

Elles har det skjedd veldig lite i dag. Snikkaren har ikkje vore her, truleg på grunn av veret.

I morgon kl. 19 skal Marit og eg på Kunsthuset og høyre dikt. Og eg har fått melding frå Eli om at pensjonistturen blir den 31. august. Så har eg noko å  sjå fram til.

Eg trudde det var for vått til å klippe plen i går, men då det leid ut  på kvelden sette nabo-karane i gang maskineria. Eg fekk ikkje klipt verken i går eller i dag, så no håper eg på betre ver i morgon.

Det er litt rotete hos meg for tida, sidan eg har styrt både med diverse opprydding og sylting. Eg har mykje bær att å plukke, men eg kan no fryse dei i første omgang. No skal eg berre rydde kjøkkenet og så skal eg ha meg ein kaffikopp.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...