mandag, august 08, 2022

Dagbok 2022: 8.august.


 Klokka er no 20.47 og temperaturen er + 16 grader. Det har vore opplett i dag, men ikkje så mykje sol, og no trur eg det kjem og regnar litt igjen. Naboen driv og klipper plen, han har klipt ovafor garasjen min også.

I dag hadde eg litt husarbeid som eg tok før eg gjekk ut og plukka resten av solbæra. Eg hadde tenkt at Solveig skulle få dei til saft, men syntest dei var gode nok til sylte, så eg tok like godt og reinska dei. Etter ein liten matpause gjekk eg ut og plukka rips som Solveig skulle få til saft. Det gjorde eg på ein lettvint måte; først klipte eg av greinene, og så tok eg ei lita saks og klipte bæra av greinene. Det gjekk fort og gale, slik eg likar det. 

Solveig kom i 18-tida og då drakk vi kaffi og prata. Denne sommaren har gått fryktelig fort og snart må lærarane i familien begynne på jobb igjen. Solveig hadde med ein fin stor ute-potte-blomst til meg.

Elles så har eg snikkaren her mykje av dagen. No har han rive ned bordkledninga øvst på austveggen, ser eg. Kva han gjer oppe på taket, veit eg ikkje, men eg stoler fullt og fast på at han gjer ein god jobb.



I morgon skal vi på trening, Marit og eg, slutt på treningsferien no. Så får eg sjå om eg får klipt plenane etterpå, men det er relativt lite gras og mykje mose.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...