søndag, august 07, 2022

Dagbok 2022-7.august


 Klokka er no17.45, temperaturen ute er +  14  grader C, det er overskya og opplett no, men eg ser at det har vore ei regnbye, for det er vått på gata. Eg har vore så opptatt at eg har ikkje sett ut.

Dagen begynte stille og roleg , eg hadde på radioen og strikka på nokre lesatar som eg hadde lagt vekk i mangel på garn. Då klokka var 12.15 gjekk eg ein tur på Vernet, men var heime att til klokka 13 (eg sat ei stund på kvar benk der oppe, sjølve turen tek ikkje tre kvarter.)

Då eg kom heim fekk eg ein lys idé; eg kunne plukke solbær på den store buska. Eg kunne rense etter kvart slik eg gjorde då eg plukka på den miste buska. God idé, tenkte eg då eg begynte, etter kvart vart det slutt på rensinga, då gjekk det litt fortare. Men eg hadde no vit til å slutte av før det vart altfor mykje. Eg begynte med friskt mot å renske bæra, men det var meir arbeid enn eg hadde tenkt. For når eg gjer noko prøver eg å gjere det skikkeleg. Med desse solbæra har ein liten stilk på baksida som sit ganske fast og den må vekk. Eg vart så lei at eg vurderte å seie stopp, men så vart det til at alt vart renska. 2,5 kg rensa bær vart det. Det høyrest ikkje mykje ut, men kasserollen som eg kokte i vart meir enn full nok, og då eg snudde ryggen til ein augneblik, presterte den å koke over. Eg tok den med ein gong, så det vart ikkje så gale.

Der er mykje bær att på buska og ripsen har eg ikkje bruk for, så dersom Solveig eller andre vil ha bæra, skal eg hjelpe til med å plukke- men ikkje reinske. Der er så lite samsvar mellom reinsking av bær og mitt temperament. 

Men det gjekk no bra til slutt og no har eg nesten 7 store glas med solbærsylte i tillegg til det eg kokte før i veka. 


Eg vart veldig svolten mens eg heldt på med sylta-for eg hadde ikkje ete sidan frokost. Eg laga meg litt blomkålsukke og det vart middagen i dag. No skal eg rydde kjøkkenet, vaske opp panner etc. Så skal eg koke meg kaffi og ete noko godt attåt. Fordi eg fortener det.


I morgon er det på an igjen med taklegging og flytting av bilar. Tysdag startar vi opp att med trening, onsdag skal vi på lansering av diktsamling og torsdag er det også trening. Sommarferien er slutt-utan at det har vore sommar. Vi får håpe på ein "Indian summer" når det lid på. Marit skal på hyttetur igjen komande torsdag-


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...