lørdag, august 06, 2022

Dagbok 2022: 6.august



                 Dette er utsikta mi frå trappa, viss eg ser mot venstre.

Klokka er no16.47, og temperaturen ute er + 11 grader. Det har regna meir og mindre i heile dag, og eg har ikkje vore lenger enn til garasjen. På føremiddagen las eg ferdig boka mi og rydda litt her og der etc. Så laga eg ei vaffelrøre og inviterte Marit på vaffel-lunsj. Vi hadde som vanleg mykje å prate om  og i dag hadde vi begge god tid sidan ingen av oss hadde noko vi skulle. Eg vurderte å fare på butikken no i dag, men fann ut at eg ikkje trong å handle noko.

No er eg spent på om det klarnar opp slik at eg kan gå ein tur på Vernet, får ikkje mykje mosjon av å gå her inne. Komande veke skal vi begynne på trim igjen, då er det slutt på ferien vår. Og sommaren har knapt vist seg. Heldigvis er eg pensjonist og kan nyte dei fine dagane vi eventuelt får. Ein gong må vel sommaren komme. Det er meldt nokre fine dagar neste veke så då vonar eg snikkaren får gjort det han skal. Det er eit stort tak eg har, 15 meter langt, seier han. Og så skal det bli nye takrenner- og snøfangarar. Elles skal eg ha ny bordkledning på austveggen også. Vestveggen vart oppdatert for 4 år sidan. Eg får ikkje rydda meir i garasjen før snikkaren er ferdig, for han har saga si der. 

Plenen treng klipp, men det er altfor vått i mosen til å køyre klipparen der. Og eg har bær å plukke, det atteleter eg litt på. Om fuglane et opp ripsen gjer det ikkje så mykje, for eg har frosen rips frå i fjor , men solbæra vil eg gjerne berge. Eg likar solbærsylte. Ja, no sit eg visst og tenkjer med fingrane. Eigentleg håper eg at alle har det bra til tross for regnet.

 

Ingen kommentarer:

Dagbpk 2024: 17.mai

 Då er klokka 19.00 på sjølvaste 17.mai Det er enno sol og varmt ute, +22 grader har no, på føremiddagen var det oppe i + 28 grader, så eg v...