søndag, august 28, 2022

Dagbok 2022: 28.august


 Klokka er no 17.50, temperaturen ute er + 17 grader, det har stort sett vore overskya med skodde i fjellsidene i dag også, men typisk nok kjem sola fram litt no når det går mot kveld.

Det har ikkje hendt så mykje i dag, eg har vore her åleine og har ikkje bevega meg ut om tomta . Det første eg gjorde etter at eg var ferdig med morgonritualet var å farge håret mitt, Eg fargar det med fargen BLOND, og då blir det nesten svart, men det lysnar no  litt etter kvart.

Eg har  styrt med litt av kvart ute i dag, sjølv om det er søndag. Eg har ikkje brukt maskiner så det har gått stilt for seg. Blant anna har eg hatt ein sekk med kugjøselkompost ut over rosebeddet. Det skulle sjølvsagt ha vore gjort for lenge sidan, men eg kom så seint i gang med hagestell i år, så eg har ikkje nådd over alt. Eg har klipt med saks her og der, men skulle ha gjort meir av det.

Ein liten klesvask vart det også, eg måtte vaske jakka som eg skal ha på meg når vi fer ut i øyane på onsdag. Til middag i dag fekk eg det nestbeste eg veit, nemleg salat av rå grønsaker med Apetinaost i olje..

Etter middag vart eg sittande å høyre bok, men eg synest den boka eg les no er litt kjedelig. Likevel kjem eg til å lese den ferdig, trur eg. No har eg vore ute i hagen og klipt meir gras for hand. Eg kjøpte meg ein ny kantklippar, men den kan eg ikkje bruke over alt, i alle fall ikkje på søndagar. Det er snart tid for plenklipping igjen, eg plar klippe ein gong i veka, og eg har snart eit nytt lass på fare på VØR med. No skal eg plukke meg litt rips i ei skål og ete den som dessert.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...