mandag, august 29, 2022

Dagbok 2022: 30.august.

Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 18 grader og sola har skine i heile dag. Dei som har undersøkt det kan fortelje at det var nokså kaldt sist natt, og det var ikkje varmt då morgonen kom heller. Eg orka ikkje å gå ut med det samme, men fann ein jobb inne. Eg vaska alle glasa som vi nesten aldri brukar og rydda i glasskapet på stova. Så gjekk eg ut og begynte å rydde i hagen, det går ikkje fort for seg, for ryggen er ikkje god, så eg må sitte i ein stol og kvile innimellom. Men eg fekk no klipt heilt ned New Dawn - rosa og rensa rota for gras og rusk, så få vi håpe at den får eit nytt liv til våren. Vi har hatt den lenge. Så flytta eg meg inn på austsida av huset, Der var det ei stor, lang raud rose. I år var den det finaste den har vore utan at det seier så mykje. Eg klipte den heilt ned, det har eg gjort kvart år, og så håper eg den får eit nytt liv neste sommar. At eg klipte den ned var for at vi skal få ny bordkledning på den veggen og då treng der ikkje å vekse så mykje. Der var forferdeleg mykje skvallerkål akkurat der også, så den vart fjerna. Då fekk eg plutseleg besøk av Einar som hadde hatt eit ærend i Volda. Han fekk kaffi og is, og det gjorde eg også. Då leid det langt på dag og etter at Einar hadde fare sette eg i gang med grasklipping. Smått om senn fekk eg klipt heile tomta, men eg hadde ein pause så eg fekk meg litt mat. Det vart tre sekker med gras, sjølv om eg hadde mykje av graset på bringebæråkeren-eller kva eg skal kalle den. Eg har nok boss til å køyre på VØR i morgon, for det blir litt btgningsavfall også, t.d. plast og diverse metall og restar av takpapp.  Det er no litt kjekt å fare på VØR også. Elles å er det no trening i morgon og onsdag er det den store pensjonistturdagen. Då skal vi ut på kysten og køyre dei nye vegane og tunnelane.

Eg trur ikkje eg treng meir trim i dag.


Når steinane ser raude ut på bilgdet er det fordi der ligg restar av dei raude rosene.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...