lørdag, august 27, 2022

Dagbok 2022: 27.august

Klokka er no 18.38,temperaturen ute er + 14 grader, skodda ligg langt nedetter fjellsidene, og rett som det er regnar det. Eg ventar framleis på indianarsommaren, håper vêret blir betre på onsdag som kjem, for då skal vi gamle på tur ut i øyane.

I dag var eg bestemt på å finne på noko sjølv, og ikkje berre vime rundt her heime. Klokka var ikkje meir enn 10, då var eg komen på Plantasjen. Eg såg etter noko å plante der grana hadde stått,  eg hadde vanskeleg for å finne noko som passa, men eg kjøpte no ei lita rosebuske, det er ikkje sikkert at eg plantar den der, men roser er no aldri heilt feil. Eg kjøpte berre ein sekk med ku-kompost, må no lære meg å bruke den jorda eg sjølv har kompostert også. Og så unnte eg meg ein orkidé. Det plar eg gjere av og til, såpass eg har EIN som blomstrar. Stueplantane blir ikkje så viktige om sommaren.

Coop ligg nesten vegg i vegg med Plantasjen, så i dag handla eg matvarene der. Eg fall for freistinga å kjøpe med spekesild med krydder, dei har samme sorten som på SPAR. Eg såg at dei no har fått apotek ved sidan av Coop,der det var kafé før. Eg ville no heller at kafeen skulle ha vore der. Men apotek er vel greitt å ha der også.

Neste stopp var ALTI. Sidan vi skal på tur følte eg behov for å fornye meg litt i klesvegen, men i dag vart det berre sko. Eg har nokre sko som ikkje er så gamle, men dei er veldig mykje brukt. Eg fann nokre som likna litt, men der var høgare hæl og sole, såpass eg kan legge eit par cm til høgda mi. Dei var ikkje så veldig dyre heller, sjeldan ein finn gode sko til under 1000 kr.

Klede vart ikkje kjøpt i dag, og det kan hende eg greier meg med dei eg har.

Då eg var heime igjen var eg opp til Marit og ordna med noko som vi har på gang, vart sittane å prate minst ein time.

Takmannen har vore her i dag, men han reiste heim att før klokka 16.Eg har ikkje snakka med han i dag, så eg veit ikkje om han hadde det kjekt å matfestivalen i Ålesund i går.

Eg laga meg verdens beste middag, med sild, kålstuing, poteter, rødbetar og tyttebær. Det er det beste mat eg veit.

Elles tok eg inn ein klesvask som var tørr og så fyrte eg i omnen. Det var litt hustre og eg brukar ikkje straum på oppvarming når eg har så mange plankebitar å fyre med. Eg tok meg ein kaffikokpp, sette på TV og så sat eg og blada i "Familien" som Solveig hadde med til meg i går. Det går mykje i strikk og matoppskrifter. 

Eg hadde tenkt eg skulle få gjort litt ute i hagen i dag, men eg orka ikkje når det er både vått og kaldt. Det kjem vel betre dagar etter desse.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...