onsdag, august 24, 2022

Dagbok 2022: : 24.august.




Klokka er no17.37, temperaturen er + 24 grader C, og det er delvis skya. I dag tidleg var det tydeleg at det hadde regna. Eg ser nettopp på kalenderen og registrerer at det er 4 mnd. til julafta.

Eg hadde ingen plan for dagen, men eg begynte å rense ugras i bringebæråkeren. Målet er å få der såpass at eg kan dekke molda med plengras.Det er ein trasig jobb, men eit kvart må eg no gjere. Eg bestemte meg for å ta ein tur på VØR med hageboss og bygnings-rot. Eg hadde fem sekker med gras, ein sekk med plast og ein med takpapp i små bitar. Sveitten rann mens eg heldt på å laste inn,  eg trudde det var arbeidet som fekk sveitten fram. Det var det ikkje , for då eg kom heim att frå VØR var det + 24 grader på trappa. Eg var litt spent på om eg fekk levere takpappen, men det fekk eg, så no har eg plukka opp i ein sekk til. Eg har også pakka ein heil sekk med plast, men eg skal ikkje bort att før det har gått ei stund. Eg har ei heil plastikkspann med metall, den gløymde eg å ta med i dag.Eg prøver å rydde litt etter kvart, så eg slepp å drukne i rot.

I dag var det bosstømming og eg såg fram til å bli kvitt makrellen. Dunken var så full av stivfrosen makrell at det var så vidt loket gjekk på, men i dag var ikkje dunken halvfull ein gong, og eg såg berre kor det rann då dei tømde.  Men då eg kom heim att frå VØR, tok eg og spyla begge dunkane godt slik at dei vart litt meir appetittlege.

Eg var som sagt heilt gåen, men det kom seg når eg fekk kjølt meg ned. Marit skulle steike pannekaker i dag, og då gjorde eg det også. Mett og trøtt sette eg meg inn til TV-en og slappa av ei god stund. Så gjekk eg ut og rydda på tunet, etter at Brubakk hadde fare. Og så fekk eg sette på vaskemaskina når stikkontakten blei ledig. No høyrer eg kor det surrar i fleire plenklipperar ute -Men eg klipte i går.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...