torsdag, august 25, 2022

Dagbok 2022: 25. august

 


Klokka er no 16.20, temperaturen ute er +20 grader C, det er skya, men mest opplett. Det er meldt regnbyger og det slår vel til.

I dag morgon vakna eg klokka 5, og fekk ikkje sove meir fordi foten var så låk. Eg stod ikkje opp før 7, og så var vi på trening frå 10-11 og ein tur på apoteket m.m. etterpå. Foten var enda verre etter trening, så etter at eg hadde laga og ete eit par tallerkar med blomkålsuppe sette eg meg i godstolen og såg TV. Etter ei god stund var foten heilt bra. Verken fysioterapeuten eller eg forstår kva det er som feiler, men i dag var vi to i alle fall på samme diagnosen. Eg gjer ikkje meir med foten før eg har snakka med legen, har legetime den 15.september. 

No skin sola plutseleg inn glaset. Eg ha tenkt meg ut og rydde litt etter at "takmannen" har reist. Eg veit ikkje kor langt han er komen i arbeidet, det er vanskeleg å følgje med det som skjer på taket. Eg irriterer meg litt over at eg sette att ei stor plastbøtte med metall-rusk som skulle vore på VØR i går, men det blir fleire turar. Eg skal no snart til på haustklippen i hagen, men ikkje alt er forbi enno. Til dømes er det rosetre som står i knupp framleis. Det heng enno att litt bær på trea. Men mykje kan eg rydde opp i alt no, med tanke på haust og vinter. Eg ventar framleis på ein "Indian summer".

Pensjonistturen er neste onsdag, og så skal vi til med opplæring i data og telefon i laget. Eg stiller som elev denne gongen. kan altfor lite, særleg med telefonen.

Eg fekk melding frå Bodil i dag, Svein er på sjukehuset i Førde til undersøking - De kan lese meir på sida vår.

Det er ikkje sikkert Brubakk kjem i morgon, men viss han ikkje kjem i morgon så kjem han laurdag.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...