tirsdag, august 23, 2022

Dagbok 2022: 23.august

 


Klokka er no17.10, temperaturen ute på trappa er + 23 grader C. Det er lettskya og sol. Brubakk har ikkje gitt seg for dagen, han vil vel utnytte finevêret.

Marit og eg var på trening i dag, og så handla vi litt mat på heimvegen. Eg var skikkeleg låk i venstrefoten i natt og i dag tidleg. Eg skal ha ekstra "time" med fysioterapeuten den 1.september. Ho er nesten sikker på at det er hofta. Eg har no tenkt tanken , men er lite lysta på å ta hofteoperasjon. Ikkje på grunn av operasjonen, men det at eg må sikkert vere ei stund på Ørstaheimen etterpå, og det vil eg ikkje. Ei av naboane tok ein slik operasjon for ei stund sidan, ho var 2 dagar på Ørstaheimen og så reiste ho heim att til seg sjølv. Men ho har ein mann som ho bur i lag med.

Etter at eg kom heim har eg klipt plenar, først rundt huset, så opp mot vegen og til slutt tok eg skråninga, og det resulterte i at foten er nesten heilt bra. Dette skjer kvar gong eg klipper plen, eller jobbar  med noko anna,

Startbatteriet måtte laddast to gonger under klippinga, den andre gongen nytta eg høvet til å ete middag (suppe frå i går) og kvile meg litt. Det er kjekt å klippe på denne årstida, for når eg blir tørr i munnen og tørst, tek eg meg berre litt bær, her er enno noko att på trea, og har ikkje eg, så har naboen. Det er så nydelig med denne sola, varmar godt gjer den også. I går kveld var det surt og kaldt, så eg kveikte i omnen for å sleppe å bruke for mykje straum.

No ser vi fram til at vi snart skal på pensjonisttur, det er den 31.august. Vi har betalt turen på førehand, 800 kroner, då er alt medrekna. Vi skal no ete middag ein eller annan stad. Eg veit lite om reiseruta, men det dreier seg visst om dei nye vegane etc, på Nordøyane.

No skal eg prøve å få til eit bilde av taket, då må eg gå over gata -trur eg.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...